Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Registerdata gir betre kvalitet på legekontor

Lege med pasient.

Først publisert: 21.12.2022 Sist faglig oppdatert: 21.12.2022

Alle fastlegar har tilgang til eigen statistikk på tenesteportalen for helseaktørar, mellom anna om gjennomgang av legemiddel. Senter for kvalitet i legetenester (SKIL) gir kurs til legar om bruk av statistikken.

Artikkelen er 166 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

No har Senter for kvalitet i legetenester (SKIL) har på nytt lansert eit klinisk emnekurs om legemiddelgjennomgang. Der blir tilgangen til data frå eigen verksemd i det kommunale pasient- og brukarregisteret (KPR) for fyrste gong nytta til systematisk arbeid med å utvikle kvaliteten på fastelegekontora.

Legane loggar saumlaust på til eigne data

Legane har enkel tilgang til statistikkane bak pålogging med HelseID. Dette er utvikla av Helsedirektoratet i tett samarbeid med SKIL, legeforeininga og andre fagmiljø.

Statistikkane gjev legane høve til å sjå på eigne data, korleis dei utviklar seg over tid, nykeltal i eigen praksis og høve til å samanlikne seg med andre. Desse statistikkane blir oppdaterte månadleg og syner data attende til 2017. 

KPR har stor nytteverdi for kvalitetsarbeid i allmennlegetenesta

SKIL arbeider for kvalitetsutvikling og pasienttryggleik i legetenester utanfor sjukehusa. Dei tilbyd kurs, metodar og verktøy for å utvikle og forbetre kvalitetsarbeid i legetenester og andre helsetenester i den kommunale helse- og omsorgstenesta samt i praksisen til avtalespesialistar.

Dagleg leiar Nicolas Øyane i SKIL seier at «I den oppdaterte kvalitetspakka tilrår vi legane å bruke Helsedirektoratet sin statistikk for allmennlegetenester for å få innblikk i praksis – dette er første gong i SKIL-historia og det er et løft for kurset». Øyane påpeikar også kor viktig det er å bruke data til kvalitetsarbeidet.

Avdelingsdirektør Olav Isak Sjøflot i Helsedirektoratet seier at det er gledeleg å sjå nytteverdien av løysinga og korleis SKIL tek data frå KPR til nytte. Når informasjonen blir nytta til forbetring av kvaliteten på ein slik måte, er det eit viktig bidrag for å realisere måla til det kommunale pasientregisteret (KPR).

Legemiddelgjennomgang gir tryggleik for både lege og pasient

Legemiddelgjennomgang er ein systematisk gjennomgang av dei medikamenta pasienten faktisk brukar. Å sikre rett legemiddelbehandling i allmennpraksis er noko av det viktigaste ein gjer for god pasienttryggleik og gir betre oversyn og større tryggleik for både legen og pasienten.

Statistikken er tilgjengeleg for alle fastlegar

Bak sikker pålogging på tenesteportalen for helseaktørar har alle fastlegar kostnadsfri tilgang til eigne data. Tilgangen er uavhengig av kva journalsystem ein nyttar, og treng ikkje kopling til Norsk helsenett. Tenesteportalen er utvikla av Helsedirektoratet og har fleire tenester inkludert.

I tillegg til legemiddelgjennomgang finst òg statistikk om bruk av tidstakst, samtaleterapi og takst for fullstendige årskontrollar.

Helsedirektoratet planlegg fleire statistikkar i løysinga og vil inkludere meir informasjon om til dømes listepasientane og andre relevante statistikkområde. Det kan gi legane betre oversyn og høve til å samanlikne sin pasientgruppe med andre sin. Løysinga tek vare på personvernet til både pasienten og fastlegen, og samanlikningsgrunnlaga  er derfor anonyme.

helsedirektoratet.no  kan du sjå anonym statistikk om legemiddelgjennomgang utført av fastlegar, i tillegg til annan statistikk om allmennlegetenester.

Er du fastlege, kan du logge inn for å sjå dine tal

Abonner på nytt eller oppdatert innhold