Den usikre situasjonen i Europa og faren for atomulykker kan verka skremmande for både vaksne, ungdommar og barn.
- Barn får med seg meir enn ein ofte trur. Dei kan bli bekymra når dei ser nyheitssendingar, er på sosiale medium og ved å følgja med på dei vaksnes samtalar og reaksjonar på nyheiter.
Ved at vaksne held seg oppdaterte sjølve og spør barna om kva dei er bekymra for, kan dei vaksne hjelpe til med å forstå betre det som skjer i verda rundt oss, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.
Desse råda er ei god rettleiing anten du er forelder, helsepersonell, lærar eller barnehagetilsett.
Kort oppsummert er dette råda:
- Hald deg informert og oppdatert.
- Når du er trygg, føler barna seg trygge.
- Spør kva barna lurer på og svar så godt du kan.
- Sei til barna at det er normalt å føle seg bekymra over det som skjer.
- Gi pausar frå bekymring.
Les meir om desse råda på nettsidene våre:
Slik kan du snakke med barn og ungdommar om krig og frykt for atomulykker - Helsedirektoratet
På Helsenorge.no finn du også engelsk og samisk språkversjon av desse råda.
Opptak av webinar
Sjå opptak av webinar, mars 2022 om "Hvordan snakke med unge som er bekymret for krigen" i regi av Bufdir., RKVTS og Helsedirektoratet.