Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Planen adresserer dei store utfordringane vi står i

Hender, ipad

Digital samhandling

Først publisert: 01.03.2024 Siste faglige endring: 01.03.2024

Helsedirektør Bjørn Guldvog meiner Nasjonal helse- og samhandlingsplan tydeleg viser at førebygging og meistring er nødvendig og at vi må forsterke den førebyggjande innsatsen i heile helse- og omsorgstenesta.

Artikkelen er 140 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

– Vi får no ein plan som ser helsetenesta i samanheng som adresserer dei store utfordringane vi står i. Då tenkjer eg på mangelen på helsepersonell, digitalisering i helsesektoren og økonomiske verkemiddel for å få til ønskt utvikling. Det er eg glad for, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.
Vi ser også at meldinga følgjer opp den viktige helseberedskapsmeldinga som kom før jul. Helse- og omsorgstenestene har ei stor rolle i å ta vare på helsebehovet til befolkninga under ulike kriser, og endringsbehova er store. 

Vidare viser regjeringa i Nasjonal helse- og samhandlingsplan at dei har tru på moglegheitene som ligg i ny teknologi, og på digitalisering som verkemiddel. 

Regjeringa presenterer i Nasjonal helse- og samhandlingsplan ein ny strategi for digitalisering i helse- og omsorgstenesta.

– I tråd med råda vi har gitt, prioriterer regjeringa å gjennomføre pågåande tiltak for betre digital samhandling, slik som til dømes kjernejournal og Pasientens legemiddelliste. Helsepersonell skal ha tilgang til relevante og oppdaterte opplysningar om pasienten når dei treng det. Innbyggjarane skal kunna vera aktive bidragsytarar i eigen og dei nære si helse. Vi er glade for at Nasjonal e-helsestrategi skal vera ein sentral premiss for den nasjonale gjennomføringa av arbeidet med digitalisering i helse- og omsorgssektoren, seier Guldvog.

Gode overgangar

Ifølge Guldvog blir det viktig for helsetenesta framover å få til gode overgangar i tenesta og samhandling slik at pasientane opplever meir saumlause tenester.

Meldinga viser at regjeringa ønskjer å styrke satsinga på kvinnehelse og dessutan fødsels- og barselomsorga. Helsedirektoratet vil førstkommande måndag publisera ny retningslinje for fødselsomsorga.

– Helsedirektoratet er glade for at det vil komma på plass eit varig rekrutterings- og samhandlingstilskot. Dette har vore etterspurt frå helsefelleskapa og vi trur det vil vera viktig for det vidare arbeidet til helsefellesskapa og få på plass gode samhandlingstiltak mellom nivåa, påpeikar Guldvog.

Nye tilskot

Rekrutterings- og samhandlingstilskotet er meint å gjera det enklare for kommunar og sjukehus å samarbeide om felles planlegging, tenesteutvikling og gode pasientforløp for dei prioriterte pasientgruppene for arbeidet til helsefellesskapa. I tillegg til at barn og unge, personar med fleire kroniske tilstandar, personar med alvorlege psykiske lidingar og rusmiddelproblem og eldre med skrøpelegheit framleis skal vera prioritert i arbeidet med felles planlegging og tenesteutvikling, ønskjer Regjeringa også å løfta fram kvinner gjennom svangerskap, fødsel og barseltid.

6 hovudgrep

Planen har seks hovudgrep

  • Rekruttere og behalde personell med rett kompetanse 
  • Endre finansieringsordningar mot meir rammefinansiering 
  • Prøve ut og innføre nye organiseringsformer
  • Ny strategi for digitalisering av helse- og omsorgstenesta 
  • Forenkle og gjere tydeleg regelverk for å gjera det enklare for fagfolk å hjelpa pasientar/brukarar 
  • Ei attraktiv og framtidsretta allmennlegeteneste

Abonner på nytt eller oppdatert innhold