Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Personskadar og ulukker 2022

Person med brukket ben.

Benbrudd. Foto: Mostphotos

Først publisert: 23.03.2023 Siste faglige endring: 31.03.2023

Dei fleste personskadane i 2022 var resultat av ulukker, og ein fjerdedel av desse skjedde innandørs i bustad. Dette viser rapporten Personskadedata 2022 som Helsedirektoratet publiserer i dag.

Artikkelen er over ett år gammel, informasjonen kan være utdatert.

Rapporten er samanstilt av Norsk pasientregister, som er ein avdeling i Helsedirektoratet. Skadelegevakta ved Oslo Universitetssjukehus rapporterte komplette skadedata. Rapporteringa frå andre einingar har store manglar.

 

Rapporten teiknar eit variert bilete av skadetilfella. Dei fleste skadane var mindre alvorlege. Eldre menneskje har meir alvorlege skader enn yngre. Eigenskadar har høgare alvorsgrad enn andre skader. Born mellom 6 og 12 år har flest registrerte personskadar. Ein fjerdedel av skadane skjedde innandørs i bustad, men det er òg rapportert mange skader som har skjedd på veg, gate, fortau, gang- og sykkelveg, men og på sports- og idrettsområde. I underkant av 8 prosent av skadane skjedde i inntektsgivande arbeid, og dei fleste av desse var innan bygg- og anleggsbransjen.

Komplettheit og kvalitet

I Norsk pasientregister vart det i 2022 registrert 336 544 personskadar. For 138 081 av desse vart det rapportert inn detaljert informasjon, som seier korleis skaden oppstod, for eksempel i ei ulukke eller villa eigenskade, og om skaden skjedde inne, ute eller på arbeidsplass. I tillegg finns informasjon om skademekanisme, til dømes fall eller påkøyrsel, samt alvorsgrad og kva for aktivitet som pågjekk då skaden skjedde.

Rapportering av detaljert informasjon om personskadar til Norsk pasientregister er obligatorisk for alle somatiske sjukehus og dei kommunale legevaktene i Bergen og Trondheim. Av alle rapporteringseiningar er det berre Bergen kommunale legevakt og Diakonhjemmet som ikkje har rapportert data for 2022, men komplettheita varierte frå 0 til 100 prosent. Skadelegevakta ved Oslo Universitetssjukehus rapporterte komplette skadedata, medan rapporteringa frå dei andre hadde til dels store manglar.

Kvalitet på data varierer. Viktige element som skadedato, skadestad og skademekanisme er av god kvalitet, medan andre element har større manglar. Til dømes er det manglar ved registrering av framkomstmiddel for omtrent 20 prosent av trafikkulukkene. Skal informasjonen nyttast i skadeforebyggande arbeid, bør tala verte behandla varsamt. I rapporten er det meir informasjon om kvaliteten på personskadedata.

Fyrtårnprosjektet

Samferdsels- og Helse- og omsorgsdepartementet bestemde hausten 2021 å opprette fyrtårnprosjektet med oppstart i 2022. Helsedirektoratet leiar prosjektet som har til formål å betre kvaliteten på registrering av skader etter trafikkulukker. I prosjektet er det tett samarbeid med 10 sjukehus og 7 kommunale legevakter der det er tilsett skadekoordinator i 20 prosent stilling. Komplettheit og kvalitet bærer preg av at 2022 er oppstartsåret til prosjektet og ikkje alle kommunale legevakter har eit pasientadministrativt system som kan rapportere til Norsk pasientregister. Dette vert det jobba med. I rapporten finn ein meir detaljert informasjon om prosjektet.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold