Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Pasienttilpassa basistilskot gjeld frå 1. mai

Illustrasjonsfoto som viser fastlege i samtale med pasient

Foto: Michael Erhardsson / Mostphotos

Først publisert: 14.03.2023 Siste faglige endring: 14.03.2023

Fastlegane får eit tilskot for kvar pasient dei har på lista si. Tidlegare har det vore ein fast sats for kvar pasient. Basistilskotet vert styrka slik at dei aller fleste fastlegane får høgare tilskot. No vert det innført ein ny måte å berekne tilskotet som også får nytt namn: pasienttilpassa basistilskot.

Betre hjelp til dei pasientane som treng det mest 

Pasienttilpassa basistilskot vil avspegle betre kva pasientar fastlegane har på listene sine. 
Målet med omlegginga er at fastlegen får større tilskot for pasientar med større behov. Det betyr at dei kan setje av meir tid til oppfølging av pasientane som treng det mest. Dei kan dermed ha færre personar på lista si. 

Nye indikatorar

Tidlegare har det vore ein fast sats for kvar pasient. Når pasienttilpassa basistilskot vert lagt om, så er det følgande indikatorar som ligg til grunn:

  • kjønn og alder  
  • bruk av fastlegetenester  
  • sentralitet  
  • sosioøkonomi 

Indikatorane vert vekta ulikt,  men kjønn og alder betyr mest.  Til saman reflekterer det eit bilete av det behovet pasientane har for fastlegetenester.

Eit tiltak for å møte fastlegekrisen 

Omlegginga av basistilskotet er eit av fleire tiltak for å møte fastlegekrisen. Eit anna sentralt tiltak for å betre rekrutteringa er å gje tilskot til kommunar med legar som spesialiserer seg i allmennmedisin. Tilskotet dekker utgifter legene har til spesialisering. 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold