Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Oppdatert retningslinje for akuttmottak

Pasient får medisin

Den oppdaterte retningslinja har to nye råd. Bilde: Canva.

Først publisert: 30.09.2022 Siste faglige endring: 30.09.2022

Den oppdaterte retningslinja for akuttmottak har mange endringar samanlikna med den tidlegare retningslinja frå 2014, mellom anna auka merksemd på kapasitet og kompetanse i akuttmottaka.

Artikkelen er over ett år gammel, informasjonen kan være utdatert.

– Det er særs viktig at akuttmottaka er eigna til tidleg diagnostikk, overvaking og behandling av pasientar slik at helsepersonellet kan yta forsvarleg helsehjelp. Dett er noko leiinga har eit klart ansvar for, seier avdelingsdirektør Torunn Janbu.

Som den tidlegare utgåva legg retningslinja vekt på godt samarbeid og trygg kommunikasjon mellom helsepersonell.

Den oppdaterte retningslinja har to nye råd:

Tryggleiken til dei tilsette

Den oppdaterte retningslinja omhandlar råd for å ta vare på tryggleiken til dei tilsette slik at dei ikkje vert utsette for trugsmål og vald. Leiinga i akuttmottaka skal kartlegga faktorar i arbeidsmiljøet som kan påverka tryggleiken til arbeidstakarane.

- Moglege tiltak er mellom anna å sørga for nok tilsette, som å sørga for at det er minst to personar til stades ved truande situasjonar. Det inneber òg å vurdera behovet for hjelp frå vektarar og i enkelte høve politi, seier Janbu.

Auka merksemd på vald og seksuelle overgrep

Den nye retningslinja anbefaler òg at mottaka har kompetanse og utstyr til å dokumentera skadar og sikre spor i samband med vald og seksuelle overgrep.

-  Når det kjem inn pasientar som truleg har vorte utsette for vald og seksuelle overgrep, er det viktig at akuttmottaka har kompetanse og kunnskap til å sikra spor og dokumentera skadar. Mottaka må ta vare på pasientane og nokre gonger varsla andre instansar som til dømes politi eller barnevern, seier avdelingsdirektør Torunn Janbu.

I samband med oppdateringa av retningslinja har det vore eit godt samarbeid med representantar frå ulike akuttmottak som har komme med ei rekke innspel, basert på eigne erfaringar. Eit døme er innspel frå Sørlandet sjukehus i Kristiansand, som har innført gode rutinar når det gjeld dokumentasjon og sporsikring i samband med vald og seksuelle overgrep.

-  Det er viktig med slike innspel, slik at oppmodingane i retningslinja er og tilpassa arbeidstilhøva ute i akuttmottaka og retta mot kva som er behovet i tenestene, seier Janbu.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold