DigLIS er ein open, gratis og interaktiv løysing som gjennom tekst, lyd, bilete og film gir gode råd, tips og rettleiing om ny spesialistutdanning. Informasjonen er bygd opp rundt historieforteljingar om fiktive karakterar i spesialistutdanninga. I tillegg inkluderer DigLIS svar på ofte stilte spørsmål og ei omfattande lenkjesamling til utdjuping og referanse.
Spesialistutdanninga for legar har dei siste åra vore igjennom ei omfattande endring, og me har erfart at det er behov for å formidla informasjon på ein ny måte. Derfor har me laga DigLIS, seier fungerande divisjonsdirektør Helga Katharina Haug.
Ny kunnskap, nye formidlingsbehov
Målet er å gi støtte til legar i spesialisering (LIS), til rettleiarar og supervisører, og til leiarar i kommunar og sjukehus som skal ta imot ein LIS-lege. Sjølv om mange byrjar å kjenna den nye utdanninga ganske godt, er det framleis ein del uvisse rundt ansvarsoppgåver og rutinar ute i tenesta. Løysinga som no blir lansert er første trinn og tek for seg det grunnleggjande i ny spesialistutdanning. På sikt vil DigLis bli bygd ut til å omfatta meir praktisk retta innhald om mellom anna kompetansevurdering, supervisjon og rettleiing.
I ny spesialistutdanning er det større fokuset på effektiv læring, rettleiing og kompetansevurdering enn før. For å få til dette må leiarane i utdanningsverksemdene sørgja for at dei som supervisarar og rettleier LIS får den kunnskapen dei treng for å fylla rollene sine. Me meiner at DigLIS vil vera eit godt bidrag til all den gode opplæringa som skjer ute i tenestene allereie, seier fungerande divisjonsdirektør Helga Katharina Haug
DigLIS er utvikla av interne ressursar i Helsedirektoratet, i samarbeid med pedagogisk ekspertise i kompetansebroen.no og med innspel frå andre aktørar ute i tenestene. Løysinga er bygd på den digitale plattforma Kompetansebroen.no.