Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Nye tilrådingar om bruk av antibiotika er publisert

Illustrasjonsbilde av en lege som holder hånden over antibiotikamedisin.

Uten egen produksjon av enkelte legemidler blir vi fort sårbare. Illustrasjonsbilde. Foto: Mostphotos

Først publisert: 02.03.2022 Siste faglige endring: 02.03.2022

Målet med å oppdatere tilrådingane for antibiotikabruk er at kvar og ein pasient skal få best mogeleg behandling, utan unødvendig spreiing av motstandsdyktige bakteriar. Helsedirektoratet har i samarbeid med helsetenesta no publisert tre reviderte kapittel i vår retningsline for bruk av antibiotika i sjukehus.

Artikkelen er 2 år gammel, informasjonen kan være utdatert.

Viktigaste endringar

Kapittelet om abdominale infeksjonar har tilrådingar for ein rad tilstandar. Ved fleire av desse er no kombinasjonen av smalspektra regime standardval i staden for meir breispektra antibiotika.

Det er også presisert at kirurgi er den føretrekte behandlinga for fleire tilstandar, medan antibiotika skal nyttast i påvente av operasjon. Tilrådingane for behandling av ulcussjukdom forårsaka av Helicobacter pylori er oppdatert i høve til internasjonale retningsliner og resistensovervaking som blir gjort ved sjukehuset Østfold.

Kapittelet som tidlegare heitte «Genitalia» er delt opp i «Gynekologiske og obstetriske infeksjoner» og «Seksuelt overførbare infeksjoner».  Gynekologiske og obstetriske infeksjonar inneheld som tidlegare tilrådingar for behandling av akutte infeksjonar i bekkenet og puerperal sepsis.

Nytt er tilrådingar om behandling ved «stormende forløp» eller toksisk sjokk-syndrom. Behandling av brystbetennelse (mastitt) gjeld først og fremst kvinner som nyleg har født, og er difor tatt inn i dette kapittelet i staden for under «Hud- og bløtdelsinfeksjoner».

Kapittelet "Seksuelt overførbare sykdommer" inneheld berre tilråding for parenteral behandling av syfilis. Andre seksuelt overførbare infeksjonar er tatt vare på i retningslina for bruk av antibiotika for primærhelsetenesta.

Revisjonen held fram

Den nasjonale retningslinja for bruk av antibiotika i sjukehus er mykje nytta og inneheld rundt 160 diagnosar eller indikasjonar med fleire underliggande tilrådingar. No er 11 reviderte kapittel publiserte.

Kapittelet om sepsis har nyleg vore på høyring, og fristen var 28. februar. Helsedirektoratet og retningslineredaksjonen jobbar no med å vurdere høyringsinnspela. Tilrådingane er utarbeidd i samarbeid med breie og kompetente fagnettverk.

Sjå her for oversyn over medlemmar [lenke til prosjektets side].  

Bjørn Waagsbø har vore kapittelansvarleg frå redaksjonen for infeksjonar i abdomen. Stina Jordal har vore kapittelansvarleg frå redaksjonen for gynekologiske og obstetriske infeksjonar og seksuelt overførbare infeksjonar. Per Espen Akselsen leiar det redaksjonelle arbeidet.

Gje innspel

Du kan gje innspel til det faglege innhaldet i desse kapitla fram til 1. juli 2022. Alle innspel blir vurderte av redaksjonen etter som dei kjem. Dersom vi ikkje må gjere umiddelbare endringar, vil dei bli lagt fram samla for fagnettverket etter fristen.

Følg prosjektet

Ta kontakt med prosjektet antibiotikaisykehus@helsedir.no 

 

 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold