Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Nye nasjonale faglege råd skal gi betre livskvalitet for pasientar med begrensa forventa levetid

Dame holder rundt en eldre dame

Illustrasjonsbilde: Mostphotos

Først publisert: 12.12.2023 Siste faglige endring: 12.12.2023

Førehandssamtalar kan bidra til heilskapleg behandling og omsorg i tråd med ønska, verdiane og behova til pasienten. Det er måla for Helsedirektoratets nye råd til helse- og omsorgstenestene om førehandssamtalar og planlegging ved avgrensa forventa levetid.

Førehandssamtalar er samtalar om livet til pasienten her og no, nær framtid, framtidig helsehjelp og den siste fasen av livet.

– For nokre er det naturleg å snakke om alvorleg sjukdom og døden som ein del av livet, medan for andre kan det vere vanskeleg. Å få snakke om det som er viktig for deg og om det som skal skje, kan lette bekymringar og lindre smerter. Openheit kan også gjere det lettare å få hjelp til å handtere eksistensielle tema, seier avdelingsdirektør Liv Heidi Brattås Remo.

Tilpassa ønska og behova til pasienten

Førehandssamtalar er frivillige og planlagde, og supplerer den vanlege kommunikasjonen med pasienten. I førehandssamtalen bør pasienten få tilbod om ein plan som er tilpassa ønska og behova til den einskilde.

– Dei nye råda gjeld to pasientgrupper, pasientar med alvorleg sjukdom som ikkje kan kurerast og pasientar med høg risiko for alvorlege sjukdomsepisodar på grunn av høg alder og betydeleg fysisk svekking, seier Brattås Remo.

Viktig å lytte til pasienten

– Formålet med råda er å bidra til livskvalitet og verdigheit for pasienten. Det handlar om å lytte til kva som er viktig for pasienten. Førehandssamtalar kan bidra til heilskapleg behandling og omsorg i tråd med ønska, verdiane og behova til pasienten, seier Brattås Remo. 

Det er også eit mål å bidra til redusert medisinsk overaktivitet og overbehandling i sluttfasen av livet. Det er ikkje snakk om éin enkelt samtale, men om ein kommunikasjonsprosess som følgjer sjukdomsforløpet.

Mange har bidrege i arbeidet

Helsedirektoratet har samarbeidd med fleire fagmiljø om utforming av råda. Senter for medisinsk etikk (SME) ved Universitetet i Oslo gjorde eit viktig forarbeid og kunnskapsarbeid. Fleire andre fagmiljø har også bidrege. 

– I tillegg har mange kommunar, helseføretak, fagmiljø og organisasjonar delteke i arbeidet gjennom høyring. Vi har fått mange viktige og gode innspel, seier Brattås Remo.

Verksemder som tilbyr og yter helse- og omsorgsteneste, bør ha eit system for gjennomføring av førehandssamtalar og planlegging ved avgrensa forventa levetid.

Helsedirektoratet jobbar også med å revidere den nasjonale rettleiaren "Beslutningsprosesser ved avgrensing av livsforlengande behandling". Denne blir snart sendt ut på høyring. 

Bakgrunnen for dei nasjonale faglege råda er Meld. St. 24 Lindrande behandling og omsorg (2019-2020) og NOU 2017:16 På liv og død. Å styrkje tilbodet om førehandssamtalar i helse- og omsorgstenesta er eit av tiltaka frå Meld. St. 24.

Les meir på temasida Døden - en del av livet på nettstaden Helsenoreg

 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold