Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Nye demensverktøy skal styrke utgreiing og hjelp til pårørande

Først publisert: 05.12.2023 Siste faglige endring: 05.12.2023

I overkant av 100.000 personar har demens i Noreg, men berre vel halvparten av desse har ein registrert diagnose. No blir fleire nye verktøy lanserte, som mellom anna skal bidra til betre utgreiing og diagnostisering av personar med demens.

Artikkelen er 143 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Demensplan 2025 er femårsplanen til regjeringa for å forbetre tenestetilbodet til personar med demens og pårørande deira. Planen skal bidra til eit meir demensvennleg samfunn og betre tenester. Utgreiing av demens er nødvendig for å utelukke andre sjukdommar og sikre tilrettelagde tilbod og tenester for personar med demens.

– Vi veit at det er eit stort forbetringspotensial knytt til utgreiing og diagnostisering av demens. Å få på plass nye og gode verktøy er viktig for å gi personar med demens og pårørande deira dei tenestene som dei har krav på, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Halvparten er utan diagnose

Berre litt over halvparten av dei som har demens i Noreg i dag har fått ein diagnose. Ein diagnose er inngangsporten til tilrettelagd hjelp og oppfølging, som kan forbetre livskvaliteten for både personar med demens og pårørande deira.

Personar med demens har ofte sjølv vanskar med å be om den hjelpa dei har behov for. Helsedirektoratet anbefalar at hukommelsesteam eller liknande bidreg i utgreiingsarbeidet og at kommunane gir oppfølging etter diagnose. Det betyr mellom anna å tilby ein kontaktperson, og sikre at den enkelte får tilbod om rett tiltak eller tenester til rett tid gjennom sjukdomsforløpet.

Viktig å planlegge for fleire med demens

– Det er viktig at kommunane ser langt fram i tid og planlegg godt for fleire innbyggarar med demens. Når vi også veit at det er ein mangel på helsepersonell blir god og langsiktig planlegging endå viktigare. Vårt verktøy Demenskartet.no, utvikla av Aldring og helse, gir framskrivingar om personar med demens for kvar kommune i landet, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.

– Verktøyet kan være til god hjelp for kommunane når dei skal planlegge tenester og tilbod til personar med demens og pårørande deira, no og i framtida, seier han.

Nye ressursar i demensarbeidet

Det som no er lansert spennar frå ei eiga verktøykasse om demens for helse- og omsorgspersonell der nye og eksisterande verktøy er samla, til nye e-læringar for fastlegar og pårørande.

Alle ressursane er i tråd med føringane i Nasjonal fagleg retningslinje om demens.

Her er dei nye verktøya:

  1. Verktøykasse demens:
    Ein inngangsportal som gir ei samla oversikt over relevante verktøy og ressursar i arbeidet med personar med demens.


     
  2. E-læring for pårørande til personar med demens:
    Eit kurs og eit fysisk hefte som gir informasjon, råd og støtte til pårørande. E-læringa vil vere ein viktig og nyttig ressurs, som ein del av oppfølginga etter diagnose. Nasjonalforeningen for folkehelsen, som er interesseorganisasjonen for personar med demens og pårørande deira, har bidrege i arbeidet. E-læringa ligg i Verktøykasse demens hos Aldring og helse. Den blir også informert om på pårørandesidene til Helsenoreg.


     
  3. E-læring i basal demensutgreiing for legar:
    Kurset gir grunnleggjande innføring i demensutgreiing. Fordi det er snakk om basal demensutgreiing gir det ei grunnleggjande innføring, som også kan vere nyttig for andre legar og andre profesjonar – både i spesialisthelsetenesta, i hukommelsesteam i kommunen og liknande. Den er utvikla i samarbeid med Norsk forening for Allmennmedisin og Nasjonalforeningen for folkehelsen.

    E-læringa er godkjend av Legeforeningen, som del av spesialistutdanninga for allmennlegar.

Måla med Demensplan 2025

  • Personar med demens og pårørande deira blir fanga opp og blir sikra gode og tilpassa tenester.
  • Personar med demens og deira pårørande blir sikra medråderett og deltaking i eit demensvennleg samfunn, slik at dei kan leve aktive og meiningsfylte liv med fysisk, sosial og kulturell aktivitet som er tilpassa til den enkelte sine interesser, ønske og behov.
  • Auka forsking og kunnskap om førebygging og behandling av demens.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold