Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Ny teneste for varsling av luftkvalitet

Først publisert: 30.01.2019 Sist fagleg oppdatert: 24.03.2022

Ei ny teneste varslar korleis lufta er no, resten av dagen og neste døger, i heile Noreg. Du får vite om det er lite, moderat, høg, eller særs høg luftforureining der du bur eller er. I tillegg får utsette grupper helse- og aktivitetsråd.

Den nye tenesta for luftkvalitet i Noreg gjev eit godt verktøy til kommunane i landet til arbeidet med lokal luftforureining. Innbyggjarane får lett tilgjengeleg og oppdatert informasjon om luftkvaliteten der dei bur og er.

For høge konsentrasjonar av svevestøv og nitrogendioksid kan vere skadeleg for helsa til alle menneske, men born, eldre og dei som har problem med luftvegar eller hjarte og kar er særskild sårbare.

 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold