Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Ny statistikk frå Kommunalt pasient- og brukarregister

Først publisert: 19.12.2023 Siste faglige endring: 19.12.2023

Statistikkene “Kommunale helse- og omsorgstenester 2022” og “Habilitering og rehabilitering utanfor institusjon 2022” er nå publisert.

Statistikken for kommunale helse- og omsorgstenester i 2022 viser ulike tal for helsetenester i heimen, praktisk bistand til heimebuande og institusjonstenester.  

Statistikken viser mellom anna at: 

  • 7,1 prosent av befolkninga fekk helse- og omsorgstenester i kommunen (om lag 391 000 personar).
  • Dei fleste var i aldersgruppa 80-89 år.
  • Det var om lag 270 000 personar som fekk helsetenester i heimen, under dette heimesjukepleie. 
  • Talet på mottakarar av velferdsteknologiske løysingar held fram med å auka.
  • Om lag 3 000 personar var rapporterte med venteliste på langtidsplass eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgntenester.

Statistikk for rehabilitering og habilitering utanfor institusjon  

Statistikken Habilitering og rehabilitering utanfor institusjon inneheld årlege tal frå og med 2019. 

Habilitering og rehabilitering er målretta samarbeidsprosessar på ulike arenaer mellom pasient, brukar, pårørande og tenesteytarar.  

Formålet er at kvar enkelt pasient og brukar, som har eller står i fare for å få avgrensingar i sin fysiske, psykiske, kognitive eller sosiale funksjonsevne, skal få høve til å oppnå best mogleg funksjons- og meistringsevne, vere sjølvstendig og aktiv deltaking i utdanning og arbeidsliv, både sosialt og i samfunnet.  

Datakjelde for statistikken er Kommunalt pasient- og brukarregister (KPR). 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold