Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Ny nasjonal brukar- og pasientundersøking i psykisk helsevern og rusbehandling

illustrasjon kvinne og puslespillbrikker

Illistrasjonsbilde: Shutterstock / SINTEF

Først publisert: 06.06.2023 Siste faglige endring: 06.06.2023

Helsedirektoratet sender no ut ei spørjeundersøking retta mot vaksne brukarar og pasientar som får poliklinisk behandling i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Undersøkinga blir gjort i samarbeid med SINTEF Helse.

Artikkelen er 273 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Invitasjonen blir send til personar som har fått poliklinisk behandling i februar, mars og april i år. 

 -Dette er eit nybrotsarbeid ved at deltakarane, som utgjer om lag 104 000 personar, blir direkte invitert til å svare på undersøkinga via Helsenoreg.no, seier avdelingsdirektør Torunn Janbu i Helsedirektoratet.

Godt kunnskapsgrunnlag

- Helsedirektoratet ønskjer å få meir kunnskap om korleis brukarar og pasientar opplever det polikliniske behandlingstilbodet i psykisk helsevern og rusbehandling.  Vi veit lite om erfaringane til pasientane og har ingen løpande undersøkingar for pasientar som får poliklinisk behandling.

- Derfor vil kunnskapen frå undersøkinga bidra til eit godt kunnskapsgrunnlag for å vidareutvikle tilbodet til denne pasientgruppa. Vi håpar at så mange som mogleg tek seg tid til å svare på spørsmåla, seier Janbu.

Undersøkinga vil mellom anna sjå nærare på: 

  • Om behandlinga har vore til hjelp.
  • Opplevd høve til medverknad i eiga behandling.
  • Relasjon til behandlar. 
  • Opplevd samarbeid mellom involverte tenester.  

Viktig også frå eit pasient- og brukarperspektiv

- Vi er veldig glade for at dette arbeidet blir gjort. Det er eit viktig steg for å bidra til at brukarmedverknad og brukarkunnskap blir lagt til grunn for korleis vi skal vidareutvikle helsetenestene. Uavhengig av kva resultata blir, vil det vere nyttig informasjon som må brukast til utviklings- og kvalitetsarbeid, seier Adrian Lorentsson i Mental Helse Ung.

Meir om undersøkinga 

Spørreskjemaet blir sendt ut via Helsenoreg.no og svara blir behandla anonymt.

Invitasjon om å delta blir send ut på SMS eller e-post. Ein deltek ved å logge inn på Helsenoreg.no. Dei som har reservert seg mot elektronisk kommunikasjon vil ikkje få invitasjonen.

 SINTEF Helse og Klinisk forskingseining Midt-Noreg er ansvarlege for den tekniske delen av undersøkinga. Dei har lang erfaring med slike undersøkingar og nyttar tekniske løysingar som sikrar anonymitet til deltakarane.

Meir informasjon på nettsidene til SINTEF Brukar- og pasientundersøking i psykisk helsevern og rusbehandling – SINTEF.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold