Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Ny kunnskap skal gi betre fødselsomsorg

Foto: Mostphotos

Først publisert: 04.03.2024 Siste faglige endring: 04.03.2024

For første gong gir Helsedirektoratet ut ei samla fagleg retningslinje for fødselsomsorga. Anbefalingane er baserte på den nyaste forskinga og beste praksis nasjonalt og internasjonalt. – Retningslinja er etterspurd og vi meiner ho vil bidra til god kvalitet i fødselsomsorga i åra framover, seier avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, Torunn Janbu.

– Norsk fødselsomsorg er allereie i verdstoppen. Likevel justerer vi no nokre anbefalingar for å bidra til at vi held fram med å ha god kvalitet på det vi gjer og bidra til gode fødselsopplevingar for både dei gravide, familien og helsepersonellet som følgjer dei opp, seier Torunn Janbu. 

Dei nye nasjonale faglege retningslinjene for fødselsomsorga er ein revisjon av dei tre normerande produkta: 

  • Rettleiaren “Eit trygt fødetilbod” 
  • Retningslinje for heimefødsel 
  • Nasjonal fagleg anbefaling om svangerskap passert termin 

Nytt i retningslinja 

Mykje av innhaldet er vidareført frå dei tidlegare normerande produkta. Men blant det som no er anbefalt i retningslinja, er at offentlege sjukehus kan tilby heimefødsel til fødande. 

– Det er opp til det enkelte helseføretaket å vurdere om forholda ligg til rette og om dei har kapasitet til å tilby jordmorhjelp ved heimefødslar. Det er ingen rett for kvinna, seier Janbu. 

For gravide som passerer termin, tilrår dei nye retningslinjene at tidspunktet for første kontroll blir framskunda noko i forhold til tidlegare anbefaling, som var 7–10 dagar etter termin. 

– Anbefalinga baserer seg på den nyaste kunnskapen, som går i retning av at det er rett å flytte første kontroll etter termin fram nokre dagar. Den nye anbefalinga er derfor at den blir teke i tidsrommet 4-7 dagar etter termin. Fleire helseføretak har allereie denne praksisen i dag, forklarer Janbu. 

I tillegg kjem det nye anbefalingar om pasientinformasjon og pasientmedverknad når fødselshjelpa hastar.

Fører vidare anbefaling for følgjeteneste 

Seleksjonskriterium, overflyttingskriterium og kvalitetskrav til bemanning og kompetanse for fødeinstitusjonsnivåa er i hovudsak ført vidare frå tidlegare rettleiar og retningslinje, og oppdatert med ny kunnskap. 

I prosessen har det vore utarbeidd ein rapport om konsekvensar ved eventuell endring av følgjetenesta frå 90 til 60 min frå heimen til fødeinstitusjonen. Helsedirektoratets anbefaling er å føre vidare ei grense på 90 min inntil det er utført ei evaluering av dagens ordning. 

– Før det eventuelt blir endringar innførte i anbefalt reisetid for følgjeteneste, har Helsedirektoratet anbefalt at det blir gjennomført ei evaluering av dagens følgjeteneste. Det har helseregionane fått i oppdrag i år, og det blir spennande å sjå resultatet, seier Janbu. 

Bemanningsnorma vart trekt 

Helsedirektoratet fekk opphavleg i oppdrag å utarbeide normtal for bemanning i fødeinstitusjonar. Dette oppdraget vart seinare trekt av Helse- og omsorgsdepartementet.  Den nye retningslinja inneheld i staden for ei anbefaling om rutinar for bemanning for jordmødrer i fødeinstitusjonar. 

Revideringa av retningslinjene vart bestilt av Helse- og omsorgsdepartementet hausten 2020, men arbeidet vart forseinka på grunn av korona-pandemien. 

– Det har vore ein grundig prosess med bidrag frå helseregionane, fagmiljø, fagorganisasjonar, brukar- og interesseorganisasjonar, Helsetilsynet og FHI. Utkast til retningslinje har vore på intern og ekstern høyring og innspel er vurdert og innarbeidd.  Vi meiner han vil bidra til god kvalitet i fødselsomsorga i åra framover, seier Janbu. 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold