Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Ny godkjenningsordning for helsepersonell med yrkeskvalifikasjonar frå Storbritannia

Lege med ansiktsmaske med britisk flagg på

Foto: Mostphotos

Først publisert: 01.12.2023 Siste faglige endring: 01.12.2023

Fra 1. desember 2023 er det innført ei ny godkjenningsordning for søkarar med yrkeskvalifikasjonar frå Storbritannia.

Yrkeskvalifikasjonar er bestått helsefagleg utdanning og eventuelt tilleggsutdanning og dokumentert utøving av yrket.

Noreg er part i frihandelsavtale med Storbritannia som blei inngått etter at Storbritannia gjekk ut av EU 31. januar 2020. Denne avtalen omfattar også bestemmingar om gjensidig anerkjenning av yrkeskvalifikasjonar. Det er utarbeidd ei eiga forskrift som skal ivareta Noregs forpliktingar etter frihandelsavtalen til å godkjenne helsepersonell med yrkeskvalifikasjonar frå Storbritannia og Nord-Irland (forskrift om godkjenning av helsepersonell med yrkeskvalifikasjonar fra Storbritannia). Forskrifta trør i kraft 1. desember 2023. 

Den nye godkjenningsordninga inneber rett til å utøve yrket for søkarar med yrkeskvalifikasjonar frå Storbritannia innan same yrke som det blir søkt om godkjenning for i Noreg. Godkjenninga skjer ved ei samanlikning av søkaren sine yrkeskvalifikasjoner med den norske utdanninga. Dersom søkaren har vesentlege manglar i sine yrkeskvalifikasjonar, kan Helsedirektoratet pålegge utlikningstiltak, som til dømes ein prøveperiode.

Språkkrav

Det er krav om bestått språkprøve på B2-nivå for å ha rett til autorisasjon etter den nye forskrifta. Kravet til språkprøve gjeld ikkje om søkaren kan dokumentere ferdigheiter i norsk, svensk eller dansk som svarar til B2-nivå, eller høgare.

Overgangsordning

Då Storbritannia gjekk ut av EU blei det vedtatt ei overgangsordning som trødde i kraft 1. januar 2021. Dette blei gjort for å ivareta søkarar som hadde forventing om å få yrkeskvalifikasjonane sine  godkjende etter EU sitt yrkeskvalifikasjonsdirektiv.

Overgangsordninga gjeld framleis, og den inneber at personar som var under utdanning i Storbritannia per 31. desember 2019, skal ut 2029 kunne søke om godkjenning etter EØS-regelverket (yrkeskvalifikasjonsdirektivet). I tillegg er det 1. desember 2023, vedtatt endringar i overgangsordninga slik at også søkarar som har oppnådd yrkeskvalifikasjonar i Storbritannia før 1. januar 2021 skal vere omfatta av forskrift om helsepersonell fra EØS-land og Sveits.

Søknader mottatt før 1.desember 2023

Ubehandla søknadar som er mottatt før 1. desember 2023 vil bli behandla etter den nye godkjenningsordninga, med mindre yrkeskvalifikasjonane er omfatta av overgangsordninga. Då vil søknaden bli vurdert etter forskrift om helsepersonell fra EØS-land og Sveits. Også søkarar som har fått informasjon om å gjennomføre tilleggskrav kan være omfatta av den nye godkjenningsordninga eller overgangsordninga. Desse søkarane vil få ei ny handsaming av søknaden. Det er ikkje nødvendig å sende ny søknad.

Meir informasjon om søknadsprosessen vil gå frem av veilederen til søknaden

Abonner på nytt eller oppdatert innhold