Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

No får LAR-pasientar morfin som varer i 24 timar

Bilde av hvite piller på grå bakgrunn

Pasientar som er avhengige av heroin eller morfin, kan få behandling med opioidhaldige legemiddel som metadon eller buprenorfin i kombinasjon med andre rehabiliteringstiltak. Behandling med slike legemiddel bidrar til auka levealder, reduksjon i rusmiddelforbruket til pasienten og betre livskvalitet (foro: Mostphotos).

Først publisert: 04.09.2023 Siste faglige endring: 04.09.2023

Beslutningsforum for nye metodar har godkjent at pasientar i legemiddelassistert rehabilitering (LAR) kan få morfin som virkar i 24 timar.

Artikkelen er 235 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Morfin som virkar i 24 timar er eit alternativ for pasientar som ikkje har tilstrekkeleg behandlingseffekt, eller har store biverknad av legemidla som vanlegvis vert bruk i LAR. Til no har desse pasientane berre hatt mogelegheit for morfin med 12 timar verknad, noko som har gjort at mange har måtta få fleire dosar i døgnet. Innføring av morfin som virkar i 24 timar vil føre til at pasientane berre treng å ta tablettane ein gong i døgnet. 

Ein lettare og betre kvardag

- Dette er ei svært god nyheit for pasientane dette gjeld. Dei får ein lettare og betre kvardag med eit alternativ som varer heile døgnet, og ikkje berre i 12 timer som no, seier Jakob Linhave, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet.

Det er Helsedirektoratet som har søkt Beslutningsforum om å få innført dette i behandlinga. Beslutningsforum for nye metodar er eit nasjonalt system som skal vedta kva behandlingar spesialisthelsetenesta kan tilby.

Meir informasjon om LAR

Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) er ein del av Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) i spesialisthelsetenesta.

Pasientar som er avhengige av heroin eller morfin, kan få behandling med opioidhaldige legemiddel som metadon eller buprenorfin i kombinasjon med andre rehabiliteringstiltak. Behandling med slike legemiddel bidrar til auka levealder, reduksjon i rusmiddelforbruket til pasienten og betre livskvalitet.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold