Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Nedgang i pasientskadar ved norske sjukehus

Helsepersonell triller en sengeliggende pasient gjennom sykehuskorridorer.

I snitt har vi ca. 8000 færre sjukehusopphald med pasientskadar i 2022 enn i 2012, viser rapporten "Pasientskader i Norge 2022".

Først publisert: 13.09.2023 Siste faglige endring: 13.09.2023

Pasientskadar er eit betydeleg globalt og nasjonalt problem. I 2022 oppstod det ein pasientskade ved 12,6 % av somatiske sjukehusopphald i Noreg, mot 12,8 % året før. I 2022 var dei hyppigaste typane av pasientskadar legemiddelrelaterte skadar og urinvegsinfeksjon.

Artikkelen er 220 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

– Over ein tiårsperiode har det vorte tryggare å vera pasient ved norske sjukehus. I snitt har vi ca 8000 færre sjukehusopphald med pasientskadar i 2022 enn i 2012. Spesielt gledeleg er nedgangen både i omfanget av skadar som var langvarige eller ga varige mén og skadar som førte til at pasienten døydde. Dette er sjølvsagt positivt. Likevel er ein pasientskade éin for mykje, og målet er ein tydelegare nedgang. Brukarar og pasientar skal kjenne seg trygge i møte med helse- og omsorgstenestene, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.  

 

Vil redusere omfanget av pasientskadar  

I 2022 var dei hyppigaste typane av pasientskadar legemiddelrelaterte skade, urinvegsinfeksjon, annan kirurgisk komplikasjon og annan infeksjon. Samtidig viser ei samla oppteljing av skadetypar knytt til kirurgi, at desse fanst i 4,3 % av alle sjukehusopphald i 2022, mot 4,4 % i 2021. Førekomsten av trykksår har vore aukande dei siste åra, og Helsedirektoratet planlegg å vidareføre tiltakspakken mot trykksår i eit fagleg råd om førebygging av trykksår.   

– Pasientskadar kan ha store konsekvensar for pasienten, pårørande og helsepersonellet som er involverte. Det medfører også store kostnader for sjukehusa og for samfunnet, samtidig som omtrent halvparten av alle skadar kunne vore førebygd. Nasjonal handlingsplan for pasienttryggleik og kvalitetsforbetring 2019-2023 har som eit av måla sine å redusere omfanget av pasientskadar, seier Guldvog og legg til:   

– Arbeidet med å auka pasienttryggleik er langsiktig og krev målretta innsats på mange område. Undersøkinga viser at det er ein svakt aukande trend i omfanget av pasientskadar som har ført til forlenga sjukehusopphald eller re-innlegging. Dette bør få merksemd i helsefellesskapa.  

 

Om undersøkinga  

Sidan 2010 har andelen sjukehusopphald med pasientskade i somatisk spesialisthelseteneste i Noreg vorte målt med GTT-metoden. Formålet er å kunne følgje utviklinga av skadenivået og kva typar skader som oppstår. Alle norske helseføretak og fem private sjukehus deltek i undersøkinga. Datagrunnlaget gjer at målingane ikkje er eigna til samanlikning mellom helseføretak. 

Lenke til rapporten: Pasientskader i Norge 2022

Abonner på nytt eller oppdatert innhold