Tala kjem fram i årets rapport om utviklinga i norsk kosthald, Helsedirektoratet sin årlege
tilstandsrapport over matvareforbruk i Noreg.
– Tala for 2021 er prega av nok et annleis-år med pandemi, noko som antakeleg blir reflektert i forbruket for både 2020 og 2021, seier Linda Granlund, divisjonsdirektør i Helsedirektoratet.
Kjøtforbruket må ned, fiskeforbruket må opp
Forbruket av kjøt har auka mykje over tid, men i perioden 2015 til 2019 gjekk forbruket av kjøt nedover og det kunne sjå ut til at kurva hadde flata ut. Frå 2020 til 2021 har kjøtforbruket auka med 6 prosent. Fiskeforbruket er vesentleg lågare enn kjøtforbruket. For fisk og sjømat har det vove ein nedgang over tid, og forbruket er nå lågare enn i 2015.
– Vi skulle gjerne ha sett at fleire valde å byte ut noko av det raude kjøtet med fisk og sjømat. Dette vil også ha god effekt på helsa sidan kjøt er ein av de største kjeldene til metta feitt, noko vi ønsker at folk skal få i seg mindre av. Høgt inntak av metta feitt er ein av de viktigaste risikofaktorene for utvikling av hjerte- og karsjukdomar. Eit lågare forbruk av kjøt vil også vere positivt for miljøet, seier Granlund.
Mindre av det vi bør ete meir av
Kornforbruket auka mykje fra 1970 til midten av 2000-talet, men har sidan gått ned. Frå 2019 til 2020 var det ein auke, men i 2021 gjekk forbruket ned igjen. Det har vore ein stor auke for grønsaker over tid. I perioden 2011–2021 har forbruket auka med 3 prosent, men forbruket gikk ned frå 2020 til 2021. Forbruket av frukt og bær har gått ned med 3 prosent dei siste ti åra, men gjekk noko opp i 2021.
Langt igjen for å nå måla i handlingsplanen for betre kosthald
Vurdert opp mot Helsedirektoratet sine kostråd og anbefalingar eter vi for lite grønsaker, frukt, bær, grove kornvarar og fisk. Vi får i oss for mykje metta feitt, sukker og salt og for lite kostfiber. Innhaldet av feitt, protein og karbohydratar i kosthaldet er innanfor anbefalte nivå.
Det er langt igjen for å nå måla i nasjonal handlingsplan for betre kosthald (hod.dep.no) om 20 prosent auke i forbruk av grove kornvarar, grønsaker, frukt og bær og fisk. Innhaldet i kosten av metta feitt er også langt frå målet, medan innhaldet av tilsett sukker er nærare målet.
– Det er ikkje lenge igjen til vi skal ha nådd måla i handlingsplanen, og ser vi på utviklinga av matvareforbruket er det lite som tydar på at måla vil bli nådd med det første. Vi veit at kosthaldet er ein særs viktig faktor for utvikling av sjukdom. Styresmakter nasjonalt og lokalt, matbransje og andre med påverknad på matvanane bør ta ein ny titt på dei tiltaka vi veit verker, avsluttar Granlund.
| 2011 | 2020 | 2021** |
---|---|---|---|
Korn, som mel (inkl. ris) | 83,4 | 85,7 | 82,7 |
Grønsaker | 76,5 | 81,4 | 78,5 |
Frukt og bær | 87,1 | 83,5 | 84,7 |
Matpoteter | 19,6 | 21,2 | 20,0 |
Poteter til potetprodukt | 27,2 | 29,7 | 26,5 |
Kjøt og kjøtbiprodukt | 72,7 | 74,7 | 79,1 |
– Raudt kjøt | 50,4 | 50,5 | 53,0 |
– Kvitt kjøt | 17,4 | 20,2 | 21,9 |
Fisk (heil urensa, rund vekt) | 34,0 | 31,3 | 31,5 |
Egg | 12,0 | 13,5 | 13,5 |
Heilmjølk | 19,2 | 16,2 | 15,8 |
Lettmjølk, skumma mjølk | 81,2 | 64,9 | 62,6 |
Yoghurt | 9,2 | 11,0 | 11,1 |
Fløte, rømme | 7,8 | 8,2 | 7,8 |
Ost | 17,0 | 19,6 | 19,6 |
Smør | 3,3 | 3,7 | 3,5 |
Margarin | 8,4 | 8,1 | 7,8 |
Sukker | 30,1 | 25,8 | 26,1 |
* Foreløpige tall. **Grensehandel er ikke inkludert.
Om anslag for grensehandel
NIBIO har berekna grove anslag for grensehandel av korn- og melvarer, kjøt, meierivarer, sukkervarer, sjokolade og sukker i brus. Anslaga for grensehandel er ikkje inkludert i tala for engrosforbruk av matvarer. Anslaga for grensehandel er langt lågare i 2020 og 2021 enn før pandemien.
Om rapporten
Utviklinga i norsk kosthald er ein årleg rapport som Helsedirektoratet gir ut. Rapporten viser utviklinga i kosthaldet over tid, og er tufta på årlege tal for matforsyninga i landet til og med 2021. Matforsyningstala er basert på statistikk over import, eksport, produksjon og omsetnad av matvarer. Tala viser matmengdene som står til rådigheit for heile befolkninga på engrosnivå. Talmaterialet er bearbeida for Helsedirektoratet av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Avdeling for ernæringsvitskap ved Universitetet i Oslo.