Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Melding om europeisk samarbeid mellom Noreg og Tyskland via UCPM

Foto: Torbjørn Kjosvold, Forsvaret

Først publisert: 28.06.2022 Siste faglige endring: 28.06.2022

23. juni 2022 samarbeidde Tyskland og Noreg  om ei fyrste flyving for å evakuere ukrainske pasientar.

Artikkelen er over ett år gammel, informasjonen kan være utdatert.

Sidan byrjinga av krigen i Ukraina har tyske helsestyresmakter, saman med partnarar på føderalt og statleg nivå, koordinert overføringa av pasientar frå Ukraina og nabostatane til Tyskland. Den såkalla Kleeblatt-mekanismen, som er skipa for overføring av intensivpasienter under koronapandemien, har stadig vorte utvida i løpet av krigen i Ukraina.

Gjennom Union Civil Protection Mechanism (UCPM)  støttar dei deltakande statane Ukraina eller nabolanda med transport og medisinsk behandling av sjuke og skadde menneske. For tida er ei av dei vanlegaste transportformene i desse MEDEVAC-oppdraga lufttransport  av større grupper av pasientar.

Medevac-oppdraga som det tyske  forsvaret har gjennomført er no er avvikla, og ulike andre transportørar er tilgjengelege som partnarar. Nytt no er eit samarbeid med Noreg om transport av større pasientgrupper innanfor UCPM. Noreg har òg vore involvert i transport og behandling av pasientar i UCPM sidan byrjinga av krigen. Med denne partnarskapen oppnår vi på eine sida meir erfaring og nyttar etablert kompetanse, og på den andre sida vert synergiar og ressursar delte.

For Noreg er dette ein fin måte å bidra med kompetanse og kapasitet der det er naudysnt og andre ikkje kan. Samstundes som vi hjelper til, gjev dette verdifulle erfaringar og kompetanse som óg styrkar vår eigen beredskap.

Med slik sams og utrøytteleg innsats vil Ukraina framleis verte støtta med transport og omsorg for skadde og sjuke.

Sjå òg pressemelding frå tyske helsestyresmakter

 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold