Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Manuellterapeutar får eigen autorisasjon frå 1. januar 2023

Først publisert: 21.12.2022 Siste faglige endring: 21.12.2022

Dei som i dag har tilleggskompetanse i manuellterapi må søke om autorisasjon for å halde på tittelen som manuellterapeut.

Artikkelen er over ett år gammel, informasjonen kan være utdatert.

Autorisasjonsordninga for helsepersonell blir utvida slik at manuellterapeut blir ein del av ordninga. Frå 1. januar 2023 kan manuellterapeutar søke Helsedirektoratet om autorisasjon. Frå same tidspunkt blir det ikkje lenger mogleg å søke om tilleggskompetanse i manuellterapi.

Dersom du har utdanning som manuellterapeut, må du søke Helsedirektoratet om offentleg godkjenning for å kunne arbeide innan yrket og bruke tittelen manuellterapeut.

Du kan søke om autorisasjon frå 1. januar 2023.

Er du registrert i Helsepersonellregisteret (HPR) med tilleggskompetanse i manuellterapi?

Dersom du har gjennomført utdanning som manuellterapeut og allereie er registrert i Helsepersonellregisteret med tilleggskompetanse i manuellterapi, vil din  noverande registrering bli endra til autorisasjon som manuellterapeut når du får godkjent autorisasjonssøknaden. Du vil framleis vere registrert med autorisasjon som fysioterapeut. 

Bruk av beskytta tittel

Dersom du er manuellterapeut og ikkje søker om autorisasjon innan 01.01.2024, mistar du retten til å bruke tittelen.

Sjukmeldings-, rekvisisjons- og tilvisingsrett, samt rett til å utløyse takst for manuellterapi (A8)

Dersom du er registrert i Helsepersonellregisteret med tilleggskompetanse i manuellterapi og ikkje søker om autorisasjon innan 01.01.2024, mistar du sjukmeldings-, rekvisisjons- og tilvisingsrett, samt rett til å utløyse takst for manuellterapi (A8) frå same dato.

Etter 01.01.2024 vil Helsedirektoratet stanse alle oppføringar i Helsepersonellregisteret for tilleggskompetanse i manuellterapi. Dette skjer også for dei som ikkje har søkt om autorisasjon.

Dersom du er utdanna manuellterapeut og ikkje søker om autorisasjon innan fristen, kan du søke om autorisasjon seinare, men du vil miste rett til tittel, sjukmelding, rekvisisjon og tilvising frå fristen går ut og fram til autorisasjonssøknaden din blir godkjend. 

Meir informasjon om søknadsprosessen vil du finne i vår vegvisar, Autorisasjon og lisens - Helsedirektoratet

 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold