Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Læringsmål til ny spesialistutdanning for legar er vedtekne

Først publisert: 02.03.2018 Sist fagleg oppdatert: 26.10.2021

Helsedirektoratet har no vedteke alle læringsmåla for del 2 og 3 i alle spesialitetane i ny spesialistutdanning for legar.

Læringsmåla skildrar kva ein legespesialist skal forstå, kunne eller være i stand til å gjere og gjer kompetansen ein legespesialist skal oppnå gjennom spesialistutdanninga konkret og tydeleg.

Forskriftsfesta læringsmål
Spesialistforskrifta skildrar korleis utdanningsverksemdene skal rette seg inn for å gje legar i spesialisering (LIS) ei god utdanning, kva ansvar leiarane har overfor LIS, krav til jamleg rettleiing og supervisjon, korleis kompetansen skal vurderast hos LIS samt krav til å verte godkjend utdanningsverksemd. Alt dette byggjer opp under eit heilskapleg system og rammer som skal sikre god kvalitet og samstundes ta vare på behovet for ei smidig gjennomføring av utdanninga.

Nyttast frå 2019
Legar som byrjar på del 2 eller 3 av legespesialisering frå mars 2019 vil verte utdanna etter dei nye læringsmåla. No som læringsmåla er vedtekne skal helseføretaka setje i gang eit omfattande arbeid med å lage læringsaktiviteter som gjer at legar i spesialisering kan oppnå desse læringsmåla gjennom utdanninga som skjer i helseføretaka.

Takk for godt samarbeid
Vi er takksame og imponerte over den store innsatsen og det engasjementet som våre samarbeidspartnarar har lagt ned i prosessen med å lage læringsmål. Helsedirektoratet vil rette en spesiell takk til spesialistkomiteane i Legeforeininga som har lagt ned eit monaleg arbeid i utarbeiding av gode læringsmål med tilhøyrande forslag til læringsaktivitetar og formar for vurdering. Vi trur at ei ny og modernisert spesialistutdanning vil bidra til at leganes kompetanse kan møte behova for framtida, samstundes som spesialitetskomiteane sine bidrag sikrar kontinuitet for den faglege kvaliteten.

Publisering
Læringsmåla er forskriftsfesta og publisert på lovdata.no.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold