Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Kunnskapsgrunnlaget for nye kostråd er lansert

Brødskive med agurk, glass med appelsinjuice og skål med frokostblanding.

Kostråda skal bidra til å fremje folkehelsa og førebygge utvikling av kroniske sjukdommar (foto: Mostphotos).

Først publisert: 20.06.2023 Siste faglige endring: 20.06.2023

Tysdag 20. juni blei dei nye nordiske ernæringstilrådingane (NNR2023) lansert på Island. NNR2023 er ein rapport som summerer opp kunnskapen på kosthaldsområdet, og vil danne grunnlaget for revidering av dei norske kostråda.

Artikkelen er 312 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

NNR er eit felles nordisk og baltisk samarbeid, og Nordisk ministerråd er oppdragsgjevar.

– Ein stor dag. Det er ti år sidan førre gong det blei gjort ein full gjennomgang av forskinga på kosthaldsområdet for dei nordiske landa. Vi er gleder oss til å dykke ned i kunnskapsgrunnlaget og starte arbeidet med revisjon av våre nasjonale kostråd, seier Linda Granlund, divisjonsdirektør i Helsedirektoratet. 

10 år sidan sist

Kostråda skal bidra til å fremje folkehelsa og førebygge utvikling av kroniske sjukdommar. Eit usunt kosthald er blant dei viktigaste risikofaktorane for sjukdom og for tidleg død både i Noreg og i resten av verda. Ei endring av kosthaldet i tråd med kostråda til Helsedirektoratet kan redusere risikoen for utvikling av ikkje-smittsame sjukdommar, som kreft, hjarte- og karsjukdommar og diabetes type 2. Dei gjeldande norske kostråda kom i 2012.

Nye nordiske ernæringstilrådingar - NNR2023

Dei nye nordiske ernæringstilrådingane, NNR2023, blei publisert på Island tysdag 20. juni.

Nordisk ministerråd er oppdragsgjevar for NNR2023. Bestillinga til NNR-komiteen var å:

  1. Oppdatere tilrådingar for energi, makro- og mikronæringsstoff.
  2. Utvikle ein kunnskapsbasert plattform for nasjonale matvarebaserte kostråd.
  3. Utvikle ein kunnskapsbasert plattform for integrering av miljømessig berekraft i dei matvarebaserte kostråda.

Noreg har leia arbeidet med å revidere NNR denne gongen, ei oppgåve som går på rundgang i Norden. Professor Rune Blomhoff ved Universitetet i Oslo har vore prosjektleiar og har saman med fleire hundre nordiske og internasjonale forskarar jobba i fem år for å ferdigstille arbeidet

– Full tillit til konklusjonene

–  På vegner av Helsedirektoratet ønsker eg å overbringe ein stor takk til NNR-komiteen, til leiar Rune Blomhoff og til alle dei nordiske og internasjonale fagekspertane for eit utrolig imponerande og grundig arbeid. Vi har full tillit til konklusjonane, og ser frem til arbeidet med våre eigne kostråd med dette kunnskapsgrunnlaget i botn, sier Granlund.

Prosess for revidering av dei norske kostråda

Helsedirektoratet har ansvar for å utarbeide nasjonale kostråd, og vil leie prosessen med revideringa. NNR2023 vil utgjere kunnskapsgrunnlaget for revidering av dei norske kostråda. Helsedirektoratet vil nå sette seg grundig inn i NNR2023-rapporten, og vi planlegg for lansering av reviderte kostråd våren 2024.

– Vi har oppretta ei arbeidsgruppe som skal jobbe med revisjonen av kostråda våre. Dei kjem til å jobbe på same måte som vi alltid gjer når vi lagar retningsliner i direktoratet, seier Granlund.

For å følge arbeidet med revidering av kostråda er det etablert ein prosjektside som vil bli oppdatert fortløpande. Det er mogleg å abonnere på sida for å få nyhendevarsel når sida blir oppdatert.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold