Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Innspel til vidareutvikling av tilskotsordningar for ideell og frivillig sektor

Først publisert: 12.03.2024 Siste faglige endring: 12.03.2024

Helsedirektoratet inviterer frivillige og ideelle organisasjonar til å kome med innspel til vidareutvikling av regelverket i nokon av våre tilskotsordningar.

Artikkelen er 214 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Dei ordningane det er aktuelt med endringar for er

  • "Driftstilskudd til bruker- og pårørendeorganisasjoner innen psykisk helse-, rus- og vold",
  • "Rådgivnings-, støtte- og veiledningstjenester innen psykisk helse, rus og vold" 
  • "Frivillig informasjons- og kontaktskapende arbeid"

Denne vidareutviklinga inneber at det kan bli endringar i regelverket for desse ordningane. Andre ordningar kan bli påverka, men ikkje med vesentlege endringar.

Organisasjonar som er råka, eller kan tenkast å bli råka av eventuelle endringar i regelverka til dei nemnde ordningane er velkomne til å gje innspel gjennom ei spørjeundersøking.

Gå til spørjeundersøkinga for å gje innspel

Frist for å gje innspel er tysdag 26. mars 2024.

Helsedirektoratet har fått vidareutvikling av tilskotsordningane som eit oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet (HOD).

Meir informasjon om oppdraget og bakgrunnen for det, finn du i bakgrunnsnotatet 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold