Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Hilde Lovett frå Helsedirektoratet på tech-toppliste

Bilde av Hilde med teksten "Norges 50 fremste techkvinner"

Hilde Lovett frå Helsedirektoratet er blitt kåra til ein av Noregs 50 fremste tech-kvinner.

Først publisert: 08.03.2024 Siste faglige endring: 08.03.2024

I dag, på kvinnedagen, lanserte Abelia og ODA-nettverk lista med Noregs 50 fremste tech-kvinner 2024. Lista har som overordna mål å auke andelen kvinner som jobbar med teknologi og leiing. – Utnemninga er ei veldig hyggjeleg anerkjenning, seier Lovett.

På lista finn ein alt frå forskarar til utviklarar og gründerar som alle har til felles å vere rollemodellar og sentrale personar innanfor sine fagfelt.

– Det er flott viss ein slik pris kan vise fram mangfaldet i kva det vil seie å jobbe med teknologi og få fleire jenter til å velje teknologiutdanning og/eller jobbe med teknologi, seier Lovett om lista. Ho jobbar med kunstig intelligens i avdeling innovasjon.

Hilde har mange års fartid med digitalisering både i privat og offentleg sektor, og har arbeidd med kunstig intelligens sidan 2017. Ho har blitt ein leiarskikkelse innanfor arbeidet med kunstig intelligens i helsesektoren, ikkje minst på grunn av den leiande rolla hennar med å leggje til rette for at helsesektoren tek KI i bruk på ein forsvarleg og trygg måte. 

– Hilde har vore ei viktig drivkraft for arbeidet til helsestyresmaktene med å ta i bruk kunstig intelligens i helse- og omsorgstenesta, seier assisterande helsedirektør Mariann Hornnes.

Avgjerande kompetanse

– Det breie spekteret av yrke, bransjar og sektorar fortel at lista representerer litt meir enn eit svært velkomme mangfald i ein mannsdominert bransje. Teknologi er nemleg sektorovergripande og sjølve nøkkelen for at vi skal lykkast med omstillinga av Noreg, seier juryleiar og adm.dir. i Abelia Øystein Søreide.

Ein rapport frå Samfunnsøkonomisk Analyse viser at Noreg kjem til å trenge 40 000 med IKT-utdanning innan 2030.

– Teknologi, og ikkje minst kunstig intelligens, blir viktig for å løyse mange av dei store samfunnsutfordringane framover, ikkje berre innan helse, men også klima, miljø, energi mm. Her trengst ikkje berre mange gode hovud, men også mangfald. Fleire kvinner som jobbar med forsking, utvikling, ibruktakelse og leiing som involverer teknologi er viktig for å sikre gode og tilpassa løysingar på utfordringane, seier Lovett.

Rollemodellar

Listen Norges 50 fremste tech-kvinner skal vere med å fremje rollemodellar som inspirerer andre til å velje teknologi som yrkesretning.

– Sjølv om lista viser til fleire dyktige personar som set tydelege avtrykk gjennom jobben dei gjer, har vi for få kvinnelege teknologar i Noreg. Vi treng rollemodellar som viser veg for andre, og det er nettopp dei vi feirar i dag, seier Søreide.

Juryen har lagt vekt på følgjande i utveljinga si av lista: 

  • teknologiforståing
  • konkrete bidrag og prestasjonar
  • motivasjon/innsats for mangfald og inkludering i teknologi

Abonner på nytt eller oppdatert innhold