Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Helsearbeidarar: Vaksiner deg

Helsepersonell setter influensavaksine på en privatperson.

Tal frå Helsedirektoratet viser at langt færre helsearbeidarar har teke influensavaksinen i år enn før.

Først publisert: 05.12.2022 Siste faglige endring: 05.12.2022

Helsedirektoratet kjem no med ei tydeleg oppmoding om at helsearbeidarar vaksinerer seg mot årets influensa. Den låge vaksinasjonsgrada fører til auka press på helsetenesta og fleire i risikogruppene blir smitta.

Artikkelen er over ett år gammel, informasjonen kan være utdatert.

- Helsedirektoratet har ei klar oppmoding no før jul. Vi vil sterkt oppmoda alt helsepersonell til å ta årets influensavaksine. Det skal vere spesielle grunnar til å at ein ikkje skal gjera det, seier divisjonsdirektør Johan Torgersen i Helsedirektoratet.

Vil starta i midten av desember

Tal frå Helsedirektoratet viser at langt færre helsearbeidarar har teke influensavaksinen i år enn før. Nå slår Helsedirektoratet alarm om den låge vaksinedekninga.

I spesialisthelsetenesta har 41 prosent tatt influensavaksine, medan talet for primærhelsetenesta er nede på 24 prosent. Folkehelseinstituttet forventar at influensasesongen i år vil starte i midten av desember.

- Vi fryktar at fleire enn nødvendig blir sjuke av influensa og at fleire i sårbare grupper kan bli smitta, sjuke og døy av det, seier Torgersen.

Beskytt deg sjølv og pasientane dine

Fleire pasientar som får influensa blir kvart år smitta av legar, sjukepleiarar, pleiemedhjelparar og andre som har pasientkontakt. Hovudårsaka til at det kan bli ein tøff influensasesong er ifølge Folkehelseinstituttet (FHI) at det er venta influensavirus som ikkje har vore i omløp på fleire år. Dette er virus som vi har lite beskyttelse mot.

Om helsepersonell vaksinerer seg, blir risikoen for at dei smittar pasientar, kollegaer og eigen familie mindre. Ein kan vere smitta av influensa og smitte andre sjølv om ein har svake eller ingen symptom. Det er også viktig for kapasiteten i helsetenesta at færrast mogleg blir sjuke på ein gong.

- Vi vil at helsearbeidarar held seg friske for å unngå eit for høgt sjukefråvær med influensa samtidig som ei covid-19-bølgje og RS-virus. Dette kan resultere i at mange hamnar på sjukehus. Dersom dette skjer, vil presset på ei helseteneste som allereie er belasta, føre til alvorlege konsekvensar.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold