Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Godkjenningsordninga i fritt behandlingsval vert avvikla

Lege og pasient

Ordninga fritt behandlingsval vert avvikla Foto: Mostphotos.

Først publisert: 16.12.2022 Siste faglige endring: 16.12.2022

Stortinget har bestemt at godkjenningsordninga fritt behandlingsval skal avviklast frå og med 1. januar 2023. Pasientar med rett til nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetenesta kan dermed ikkje lenger velje å få behandling ved ein privat behandlingsstad som er godkjent av Helfo.

Artikkelen er over ett år gammel, informasjonen kan være utdatert.

Pasientane kan likevel framleis velje mellom offentlege behandlingsstader og private behandlingsstader som har avtale med det offentlege. På Vel behandlingsstad (helsenoreg.no) kan pasientar orientere seg om behandlingsstader og ventetider.  

Godkjenningsordningen i fritt behandlingsvalg avvikles fra 1. januar (hod.dep.no)

Kva betyr dette for pasientane?

  • Frå og med 1. januar 2023 vil pasientane framleis kunne velje mellom offentlege behandlingsstader og private behandlingsstader som har avtale med dei regionale helseføretaka. Dei vil ikkje lenger kunne velje ein behandlingsstad som er godkjent av Helfo (frå no av referert til som FBV-leverandørar).
  • Det gjeld ei overgangsordning på tolv månader for pasientar som før 1. januar 2023 allereie har gått i gang med helsehjelp hos ein godkjend FBV-leverandør. Pasientane skal kunne fullføre behandlinga si hos FBV-leverandørane i løpet av denne tida.

Pasientar på venteliste

Nokre pasientar er viste til eller står på venteliste hos ein FBV-leverandør. Viss helsehjelpa ikkje er påbyrja før 1. januar 2023, skal helsehjelpa bli gitt ved ein offentleg behandlingsstad eller ein privat behandlingsstad som har avtale med eit regionalt helseføretak.

Kva betyr dette for FBV-leverandørane?

  • Tilgangen FBV-leverandørane har til å yte spesialisthelsetenester mot betaling frå staten stansar frå og med 1. januar 2023 – med unntak av helsehjelpa som blir gitt i den eittårige overgangsordninga. 
  • Pasientar som ikkje er ferdigbehandla før 1. januar 2024, må overførast til ein offentleg behandlingsstad eller ein privat behandlingsstad som har avtale med det offentlege.  
  • Dei godkjende FBV-leverandørane er forplikta til å sørgje for at helsehjelpa dei yter, er forsvarleg. 
  • Viss det viser seg at pasientane ikkje blir ferdigbehandla innan overgangsperioden er over, eller at ein FBV-leverandør ikkje lenger kan tilby forsvarleg behandling, har FBV-leverandøren eit ansvar for å sørgje for ein saumlaus overgang til ein offentleg behandlingsstad eller ein privat behandlingsstad som har avtale med det offentlege.

Kva betyr dette for dei regionale helseføretaka (RHF-ane)?

  • Dei regionale helseføretaka har ansvaret for å sørgje for eit forsvarleg tilbod til pasientane.
  • Dei regionale helseføretaka har plikt til å sørgje for at spesialisthelsetenesta har tilstrekkeleg kapasitet til å vareta behova for nødvendig spesialisthelsetenester for heile befolkninga i helseregionen sin. 

Meir informasjon

Abonner på nytt eller oppdatert innhold