– Vi veit at omtrent halvparten av dei som røyker dagleg ynskjer å slutte. Men det kan vere vanskeleg å få til i praksis. Derfor har Helsedirektoratet vore ein pådrivar for å få subsidiert legemiddel til storrøykarar i mange år. I dette pilotprosjektet ser vi at eit slikt tilbod kan vere svært effektivt for å hjelpe folk med å slutte å røyke, seier fungerande avdelingsdirektør May Cecilie Lossius.
Gratis legemiddel til røykeslutt
Hausten 2020 starta Helsedirektoratet eit treårig pilotprosjekt i Vestre Viken helseføretak med tilbod om gratis legemiddel i kombinasjon med rettleiing/kurs i røykeslutt ved frisklivssentralane. Dette er første gong det offentlege dekker legemiddel til røykeslutt.
- Gratis hjelp til røykeslutt – pilotprosjekt i opptaksområdet til Vestre Viken helseføretak
- Røykeslutt ved Frisklivssentraler i Vestre Viken (fhi.no)
Røykfrie i seks månader
Evalueringa viser at rundt 30 prosent av deltakarane var røykfrie seks månader etter avslutta deltaking i prosjektet. I forskinga om røykeavvenning er dette eit sjeldan godt resultat.
Ifølge fungerande avdelingsdirektør Lossius er berre tre -fem prosent av dei som prøver å slutte utan hjelp framleis røykfrie etter seks–tolv månader.
Pilotkommunane i prosjektet har rapportert om stor pågang og at tilbodet appellerer til "folk flest". I løpet av eitt år gav frisklivssentralane i Vestre Viken sluttehjelp til om lag 1000 personar, noko som svarer til ca. 2,5 % av daglegrøykarar i regionen. Deltakarar har fortalt om at tilbodet gir ei oppleving av anerkjenning og reduksjon av stigma.
Anbefalt metode for røykeslutt
– Det er godt dokumentert at den mest effektive metoden for røykeslutt er å bruke legemiddel saman med profesjonell rettleiing. Då kan sjansane for å lykkast blir mangedobla, avsluttar Lossius.
Kvart år døyr rundt 6000 personar av røykerelatert sjukdom, og mange lever kortare liv med mykje plager som følgje av at dei røyker.