Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Framleis auke i klagar på tvang i psykisk helsevern

Mann som sitter og holder seg til hodet.

I 2022 blei 6 700 pasientar tvangsinnlagde til saman 9 400 gonger. Dette inneber 17 prosent fleire tvangsinnleggingar i 2022 enn i 2016.

Først publisert: 21.12.2023 Siste faglige endring: 21.12.2023

Talet på klagesaker og talet på søksmål som omhandlar vedtak om tvunge psykisk helsevern har auka dei siste åra. Det viser ein ny rapport.

Helsedirektoratet sin rapport "Kontroll av tvangsbruk 2022" skildrar arbeidet til kontrollkommisjonane knytt til bruk av tvang i psykisk helsevern i perioden 2016-2022. Rapporten omtalar også behandlinga til statsforvaltaren av klagar på behandling utan eige samtykke og prøving av tvunge psykisk helsevern i domstolane.

– I 2022 blei 6 700 pasientar tvangsinnlagde til saman 9 400 gonger. Dette inneber 17 prosent fleire tvangsinnleggingar i 2022 enn i 2016. Dette er ein auke på 10 prosent utover veksten i befolkninga i same periode, seier divisjonsdirektør Helga Katharina Haug i Helsedirektoratet.

Talet på tvangsinnleggingar aukar

I 2022 blei det utført 4231 kontrollar av vedtak om tvungen observasjon og 4598 kontrollar av vedtak om tvunge psykisk helsevern. Dette svarer til ein auke på 6 prosent samanlikna med 2021. Auken samsvarer med tal frå Norsk pasientregister, som viser vekst i talet på tvangsinnleggingar etter 2017. 

Helsedirektoratet har ikkje analysar som gir klare årsakssamanhengar, men den mest observerte auken i tvangsinnleggingar skjedde i siste del av denne perioden (2016-2022).

– 48 prosent av alle døgnopphald under tvunge psykisk helsevern vart vidareført som tvunge psykisk helsevern utan døgnopphald (TUD) i 2022. Det er meir sannsynleg at pasientar som blir skrivne ut til TUD, blir lagde inn på nytt. Det meste av auken av tvangsinnleggingar er knytt til innlegging av pasientar som allereie er underlagde tvunge psykisk helsevern utan døgnopphald, seier Haug.

Fleire klager 

Mengda klagar på bruk av tvang har auka i åra etter 2017. I 2022 fekk kontrollkommisjonane 3065 klagar på vedtak om tvunge psykisk helsevern, som er ein auke på 8 prosent frå året før. Auken må sjåast i samanheng med auken i omfanget av tvangsinnleggingar og tvangsbehandling, men kan også komme av ei lovendring i 2017. Då auka krava til grunngjeving for desse vedtakstypane, mellom anna for å forbetre grunnlaget for moglege klagar.

Men tala viser også at mange av klagane blei trekt før dei blei handsama i kommisjonen. Det same gjeld ved seinare handsaming i domstolane. Helsedirektoratet kjenner ikkje grunnen til dette, men fleire grunnar har vore oppgjeve. I tida frå vedtaket blir fatta til klaga skal bli handsama, hender det at synet til pasienten på saka er endra, seier Haug.

– Pasienten kan oppleve betring av den psykiske lidinga si og dels erkjenne at det er behov for behandling. Pasient og institusjon kan også ha funne fram til eit samarbeid om vidare forløp under rammer av tvunge vern eller institusjonen kan ha førespegla pasienten at tvangen skal opphøyre innan kort tid. Andre igjen orkar kanskje likevel ikkje den påkjenninga ei slik klagehandsaming eller rettssak vil vere, seier Haug.

Auke i talet på rettssaker om tvunge psykisk helsevern

Pasientar og pårørande kan bringe vedtak om tvungen observasjon, tvunge psykisk helsevern og overføring til døgnopphald i institusjon inn for domstolane. Talet på søksmål aukar.
I 2022 vart det sendt inn 477 slike søksmål, mot 369 i 2021, og tingretten avsa dom i 189 saker om prøving av vedtak om vidareføring av tvunge psykisk helsevern. Helga Katharina Haug i Helsedirektoratet seier det er vanskeleg å peike på konkrete årsaker til auken, men seier det kan ha samanheng med at pasientar får god informasjon om klagerettane sine.

– Staten har fokus på både redusert og rett bruk av tvang, og pasienten skal få informasjon om rettstryggingsgarantiar og fem timar gratis rettshjelp når ein pasient får vedtak om tvangsbehandling. Ein auke i talet på tvangsvedtak og klagar til kontrollkommisjonen kan også føre til tilsvarande auke i talet på rettssaker, seier Haug.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold