Til stades der brukaren er
FACT Gamle Oslo er eit samarbeid mellom Bydel Gamle Oslo og Lovisenberg DPS. Det var organisert som eit prosjekt frå 2012 til 2020, og er no etablert som eit varig samarbeid. Bydelen og sjukehuset har etablert eit team med tilsette frå begge organisasjonar som har jobba med å utvikle og innføre metoden FACT (Flexible Assertive Community Treatment).
– Vi driv med aktiv oppsøkande behandling for innbyggarar med alvorlig psykisk liding og eventuelt rusproblem. Målet er å gjere liva deira betre, og jobbe mot stigmatisering og for inkludering. Vi skal vere mest mogleg tilgjengeleg der pasientane våre er, og vi møtast heime hos dei, går på tur eller besøker dei i institusjon. Dette er med på å auke både livskvaliteten og mestringa, seier Eirik Ystad, teamleder i FACT Gamle Oslo.
Spreidd til heile Noreg
Juryen framhever at brukarar og fagmiljø har samarbeida i prosjektet og tilpassa ein kunnskapsbasert modell for å skape betre tenester til personar med alvorlig psykisk liding og rusproblematikk. Metoden er også spreidd breidt, og no teken i bruk av rundt hundre team i heile Noreg.
– Det er ei stor anerkjenning å ta i mot Forbedringsprisen. Mange har jobba med dette prosjektet over fleire år, og vi meiner det er ein god metode for både brukarar og helsepersonell. For brukarane er dette ein veg inn til alle tenester. Og for helsepersonell er det ein fordel å jobbe tett i team. Ansvaret for behandling ligg i teamet, og ikkje berre hos den einskilde behandlar, seier Torstein Fjørtoft, leiaren for eining for psykisk helse og rus i Bydel Gamle Oslo.
Lærdom og praksis har vore spreidd til mange kommunar og helseføretak, og fleire har etablert eigne FACT-team. Evalueringa av dei syv fyrste FACT-teama i Noreg syner fylgjande resultat:
- Pasientane har fått betring på ulike område i livet.
- Fleire er i meiningsfylt aktivitet eller utdanning.
- Færre tek i mot sosialhjelp.
- Det er betring når det gjeld bolig og boligtilhøve.
- Det er positiv endring når det gjeld praktisk og sosial fungering.
- Det er positiv endring for symptombelasting på fleire område.
- Det er reduksjon i alvorlighetsgrad for problematisk bruk av alkohol.
- Pasientane rapporterer at livskvaliteten er betre på dei fleste område.
- Det er en signifikant reduksjon i talet på pasientar som er lagt inn i psykisk helsevern.
- Delen av innleggingar med tvang er redusert med 42 prosent.
- Talet på opphaldsdøgn totalt er redusert med 33 prosent etter inntak i FACT.
- Det er 40 prosent reduksjon i talet på oppholdsdøgn med tvang to år etter inntak i teamet.
- 90 prosent av pasientane er alt i alt særs nøgde eller stort sett nøgde med tenestene dei mottek.
Her kan du lese meir
- Evaluering av FACT-team i Norge
- Informasjon om aktivt oppsøkende behandlingsteam (ACT/FACT-team)
- Artikkel i Journal of Mental Health som viser at FACT-modellen også er bra for arbeidsmiljø og den enkelte ansatte
Om Forbedringsprisen
Forbedringsprisen vert delt ut årleg av Helsedirektoratet og I trygge hender 24-7 til einskildpersonar eller team i helsevesenet som har utmerka seg innan kvalitetsforbetring, pasienttryggleik eller arbeidsmiljø.