Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Følger nøye med på kor mange som står utan fastlege

Lege, sykepleier, pasient

Bilde: Mostphotos

Først publisert: 22.03.2023 Siste faglige endring: 22.03.2023

213 155 innbyggarar i Noreg stod utan fastlege per desember 2022. Det viser data frå ein ny nasjonal kvalitetsindikator frå Helsedirektoratet. Andelen fastlegar med spesialisering i allmennmedisin gjekk ned i 2022 for fyrste gong på fleire år.

Artikkelen er over ett år gammel, informasjonen kan være utdatert.

Dette er nokre av resultata frå dei nasjonale kvalitetsindikatorane som vert publisert i dag. 

Mange innbyggarar utan fastlege

Eit viktig mål med fastlegeordninga er at kvar innbyggar skal ha tilbod om ein fastlege. Det er godt dokumentert at når fastlegen følger pasienten over tid, så er det assosiert med færre besøk på legevakt, færre akuttinnleggelsar på sjukehus og at pasientane lever lengre.

Per desember 2022 stod 213 155 innbyggarar i Noreg på ei liste utan fast lege. Det utgjer 3,9 prosent av innbyggarane i Norge. Dei har som hovudregel tilbod om allmennlegetenester, gjennom at lista vert dekka av ein vikar eller ved at andre fastlegar tek over pasientane i ein periode. Utfordringa er størst i kommunar med få innbyggarar. Tala som vert publisert i dag viser status ved utgangen av fjoråret.

Ytterlegare oppdaterte tal per utgangen av mars i år er publisert under "Månedsrapporta" på helsedirektoratet.no. Her kan vi sjå at tala har stabilisert seg.

- Fastlegeordninga vert gjerne omtalt som grunnmuren i helsetenesta. Det er fordi fastlegen sin kjennskap til oss som enkeltpersonar over tid gjer at dei treffsikkert kan hjelpe oss med helsehjelp på rett stad og rett tid.  Nærleik til pasientane på lista er noko erfarne fastlegar snakkar med varme om. Det er positivt, og vi må også halde fram jobben med å behalde dei erfarne fastlegane. Samstundes må vi sjå til rekrutteringa og sørge for at vi har nok fastlegar også i framtida for å ta vare på pasientane og deira behov,  seier divisjonsdirektør Helen Brandstorp.

Færre fastlegar med spesialisering

Andelen fastlegar med spesialisering i allmennmedisin vart redusert i 2022 for fyrste gong på fleire år. Ved utgangen av 2022 hadde 62,6 prosent av fastlegane i Norge gjennomført spesialisering. Dette er en nedgang frå 63,9 prosent i 2021. Nedgangen kan ha samanheng med at antal fastlegar totalt sett har auka, og då særleg antalet legar under 40 år. Desse yngre legene har ofte ikkje rukke å gjennomføre spesialiseringsløpet sitt enno. Det er fleire spesialistar i kommunar med mange innbyggarar

- Det er eit generasjonsskifte blant fastlegane i Norge. Det viser tala på kor mange som har spesialisering i allmennmedisin, og lengda på kommunane sin avtale med fastlegane. Vi treng enno fleire yngre legar som har lyst til å velje fastlegeyrket. Eit sentralt tiltak for å betre rekrutteringa er å gje tilskot til kommunar med legar som spesialiserer seg i allmennmedisin. Tilskotet dekker utgifter legene har til spesialisering, seier divisjonsdirektør Helen Brandstorp.

At det har kome fleire fastlegar totalt kan også ha medverka til at lengda på kommunane sine avtaler med fastlegar vart noko redusert i 2022. Nye legar vil jo ha kortare historikk. I 2022 var median avtalelengde nasjonalt på 7,8 år, mens den var på 8,3 år i 2021. I tillegg til at det har blitt fleire nye fastlegar, vert resultatet påverka av at legar med lang lengde på avtalen sluttar.

Overlevinga etter innlegging i sjukehus vert gradvis betre 

Overlevinga 30 dagar etter innlegging i sjukehus har gradvis betra seg over fleire år. I Nasjonal handlingsplan for pasientsikkerheit og kvalitetsforbetring er det stadfesta ei målsetting om at overlevinga skal auke med tre prosent frå 2017 til 2023. Denne vil bli vurdert ved slutten av handlingsplanperioden. Resultatet viser at i 2021 var sjansane for overleving 96,4 prosent. Dette er ein  auke på eit prosentpoeng frå 95,4 prosent i 2017. Samstundes var det omlag 9 500 personar som ikkje lenger var i live 30 dagar etter dei vart innlagd på sjukehus.

For pasientar som får behandling for hjarteinfarkt og hjerneslag, har det og vore ei betring i overleving over tid. Sjansane for å vera i live 30 dagar etter innlegging for fyrstegongs hjarteinfarkt var 89,2 prosent i 2021, og for hjerneslag sjansane for overleving 93,5 prosent. Ved hoftebrot, har det vore lite variasjon i sjansane for å overleva 30 etter innlegging i sjukehus, og i 2021 var den 90,6 prosent.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold