Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Fleire tilskotsordningar får søknadsfrist 1. desember

Bilde av figurer som ser en rapport og penger

Hugs utlysing av tilskotsordningane for 2024. Foto: Mostphotos

Først publisert: 05.09.2023 Siste faglige endring: 05.09.2023

Fleire av tilskotsordningane til Helsedirektoratet vil få søknadsfrist 1. desember 2023. Søknadsfristen for 2024 vil gjelde for mange åpne, søkbare tilskotsordningar retta mot blant anna organisasjonar og stiftelser.

Artikkelen er 232 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Vi har ein tidleg søknadsfrist for å kunne gå gjennom søknadene vi tek imot, sende ut vedtaksbrev og betale ut tilskota så tidleg som mogleg. Følg med på nettsidene våre for å sjå utlysing av tilskotsordningane for 2024. Vi inviterer òg til nettseminar 17. oktober. For å få melding når vi legg ut informasjon om tilskot, kan du abonnere på innhald frå helsedir.no

Søknadsfristen vil gjelde for følgande tilskotsordningar, med atterhald om endringar i statsbudsjettet for 2024: 

  • Aktivitetstilbod for personar med rusmiddelproblem, psykiske helseproblem og/eller erfaring frå sal og bytte av seksuelle tenester
  • Aktivitetstiltak for å motverke einsemd og passivitet
  • Diabetesarbeid
  • Driftstilskot til brukar- og pårørandeorganisasjonar innan psykisk helse-, rus- og valdsfeltet
  • Drift av nasjonale foreiningar og stiftingar med førebyggande innsats på rusmiddel-, doping- og spelområdet
  • Driftstilskot til frivillige rusmiddelpolitiske organisasjonar
  • Fagutvikling og kompetanseheving i omsorgstenestene til samiske brukarar
  • Faktainformasjon om rus og rusmiddel
  • Fontenehus og Fontenehus Noreg (20. desember)
  • Forskrift om tilskot til arbeid innan feltet hiv og seksuelt overførbare infeksjonar
  • Frivillig informasjons- og kontaktskapande arbeid
  • Frivillig rusmiddelførebyggande og speleavhengighetsførebyggande innsats
  • Grunntilskot til institusjonsbaserte tilbod for personar med rusmiddelproblem og/eller erfaring frå sal og bytte av seksuelle tenester
  • Institutt og foreiningar som driv etter-, vidare- og spesialistutdanning i psykisk helse
  • Kunnskap og informasjon om lindrande behandling og omsorg ved livets slutt for barn og ungdom
  • Kunnskapsbaserte meistringskurs – opplæring av tilsette i helsetenesta og NAV
  • Lindrande einingar
  • Nasjonale tiltak for førebygging av sjølvmord og sjølvskading
  • Psykisk helse og livskvalitet - kjønns- og seksualitetsmangfald (LHBT+)
  • Rådgivnings-, støtte- og rettleiingstenester innan psykisk helse, rus og vald
  • Seksuell helse&
  • Vidareutvikling av DIGI-UNG chat

Følgjande tilskotsordningar er foreslått avvikla i statsbudsjettet for 2024, og vil derfor ikkje bli lyst ut:

  • IKT-opplæring for å heve den digitale kompetansen blant eldre
  • Mobilisering mot einsemd

Abonner på nytt eller oppdatert innhold