Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Fleire sjukehuspasientar treng kommunal omsorg etter utskriving

Foto: Mostphotos

Først publisert: 01.03.2024 Siste faglige endring: 01.03.2024

Pasientar som blir verande på sjukehus etter at dei er vurderte som klare til å skrivast ut til kommunane, ventar i stor grad på tidsavgrensa institusjonsopphald. Men det er store geografiske forskjellar.

Dette viser ein rapport om utskrivingsklare pasientar frå Helsedirektoratet. 

For første gong har vi sett på kva som skjer med pasientane etter utskriving frå sjukehus.  Dataa kjem både frå spesialisthelsetenesta og frå kommunane, og gir auka innsikt om overgangane mellom sjukehus og kommune. 

Fleire overliggardøgn 

Av totalt 94 000 utskrivingsklare pasientar i 2022, opplevde 18 800 pasientar å bli liggjande på sjukehuset i påvente av kommunal teneste. Fleirtalet av desse pasientane er eldre som lever med skrøpelegheit. Opphaldsdøgn i sjukehus etter at pasientane er vurderte som klare til å skrivast ut, såkalla overliggardøgn, legg beslag på kapasiteten i sjukehusa. Derfor må kommunane betale for kvart døgn. 

– Dei siste par åra har det vore ein auke i talet på sjukehuspasientar som ventar på nødvendige tenester i kommunane. Det gir ekstra press på kapasiteten i sjukehusa, og for ein del pasientar forseinkar det opptreninga etter sjukehusopphaldet. Det er derfor viktig at kommunar og sjukehus jobbar godt saman for å finne løysingar som sikrar god samhandling for pasientane, seier divisjonsdirektør Helga Katharina Haug. 

Mange har raskt kontakt med lege 

Tre av fire pasientar med overliggardøgn vart skrive ut til tidsavgrensa institusjonsopphald i kommunen, i staden for å bli sendt heim. For utskrivingsklare pasientar utan overliggardøgn, gjaldt dette éin av tre. Nesten halvparten av dei utskrivingsklare pasientane var registrerte med kontakt med lege innan éi veke etter utskriving. Andelen som vart skrive ut til tidsavgrensa institusjonsopphald var lågare i Nord-Noreg, men samtidig var ein høgare del av pasientane i Nord-Noreg i kontakt med lege allereie første veke etter utskriving. 

– Det vil ofte vere lokale forklaringar bak dei geografiske forskjellane. Det er derfor ingen enkel løysing på utfordringa med utskrivingsklare pasientar, men vi får stadig meir kunnskap som gjer at vi får betre forståing for årsakene, mellom anna gjennom analysen vi her legg fram, seier Haug. 

 

For å følgje med på utviklinga, publiserer Helsedirektoratet løpande statistikk på omfanget av utskrivingsklare pasientar og overliggjardøgn. Søk opp kommunen og regionen din her:

Utskrivingsklare pasienter kommune - somatikk

Abonner på nytt eller oppdatert innhold