Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

FHI og Helsedirektoratet anbefaler revidert nasjonal strategi for hepatitt B og C

Kort som sier at dersom du er smittet av hepatitt C kan en test redde liv.

Førekomsten av kronisk hepatitt B og C er låg hos den generelle befolkninga i Noreg, det vil seie under 1 prosent.

Først publisert: 02.05.2023 Sist faglig oppdatert: 02.05.2023

Kronisk infeksjon av virusa hepatitt B og hepatitt C kan skade levra og er i verste fall livstruande. Noreg har i lang tid jobba for å redusere smitta slik at virusa ikkje lenger spreier seg epidemisk. Men vi må framleis gjere ein innsats for at desse infeksjonane ikkje lenger er eit folkehelseproblem.

Dette kjem fram i ein ny rapport om eliminasjon av hepatitt B og C som folkehelseproblem i Noreg laga av Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet:

Statusrapport om eliminasjon av hepatitt B og C som folkehelseproblem i Norge (fhi.no)

På linje med dei globale bærekraftsmåla til FN og Verdas helseorganisasjon (WHO) sin globale helsestrategi, har Noreg som mål å eliminere hepatitt B og C som folkehelseproblem. Med eliminasjon meinast her reduksjon av smitte og sjukdom til eit så lågt nivå at det ikkje lenger utgjer eit problem for folkehelsa. Helse- og omsorgsdepartementet lanserte i 2016 ein nasjonal strategi for virale hepatittar. Strategien blei vidareutvikla i 2018. Strategien frå 2018 varer fram til 2023.

Status i Noreg

Hepatitt B og C er leiande årsaker til leverkreft og leversvikt globalt. Førekomsten av kronisk hepatitt B og C er låg hos den generelle befolkninga i Noreg, det vil seie under 1 prosent.

Den viktigaste risikogruppa for hepatitt C i Noreg er personar som har injisert rusmidlar. Førekomsten av smitte i denne gruppa har gått kraftig ned dei siste åra, og FHI estimerer ein ytterlegare nedgang i åra som kjem. Registerdata viser at ein aukande del av dei smitta har fått behandling for hepatitt C, og i 2018 fullførte cirka 90 prosent av personane som starta behandlinga. Hepatitt C er derfor på veg til å bli eliminert som folkehelseproblem i Noreg.

Det er svært lite nysmitte av hepatitt B i Noreg. Den viktigaste risikogruppa for kronisk hepatitt B er innvandrarar frå land med høg førekomst. Det er lite data som kan seie kva status er for eliminasjonsmåla for hepatitt B i Noreg, men det tyder på at for få blir behandla.

– Det er gledeleg at vi er godt på veg til å nå eliminasjonsmålet for hepatitt C. Vi er blant dei første landa i verda med så gode resultat. Men vi må framleis jobbe for å førebygge hepatittsmitte og sikre god oppfølging og behandling av dei som lever med kronisk hepatitt B og C. Det er derfor nødvendig å revidere den nasjonale strategien, seier direktør Camilla Stoltenberg i FHI.

Helsedirektør, Bjørn Guldvog, er einig. 

– Hepatitt er ei utfordring for helsetenesta i alle kommunane i landet fordi det bur personar som kan ha blitt smitta i alle kommunar, seier han. 

Guldvog seier det no er nødvendig å revidere strategien og få klåre nasjonale målsettingar for kva vi skal ha oppnådd i Noreg i 2030 når strategien til WHO går ut. 

– Dessutan må vi lage ein plan for å oppnå og vedlikehalde måla, legg han til.   

Forslag til vidare tiltak

Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet anbefaler å forlenge hepatittstrategien frå 2016 fram til 2030, i overeinskomst med strategiperioden til WHO, og foreslår at følgande vektleggast i ein revidert strategi:

  • Sikre tidleg diagnostisering, rask tilvising til og riktig oppfølging i helsetenesta
  • Auke merksemda om testing og behandling hos innvandrarar frå område med høg førekomst av hepatitt B og C
  • Sikre at oppfølging av gravide med kronisk hepatitt B-infeksjon og barna deira skjer i samsvar med nasjonale retningslinjer
  • Sikre gjennomføring av vaksinasjon mot hepatitt B for grupper som er anbefalt dette
  • Overvake resmitte av hepatitt C blant personar med risikoåtferd
  • Styrke informasjon til sprøytebrukarar om at deling av alt brukarutstyr inneber smittefare
  • Styrke utdeling av komplett sterilt brukarutstyr i alle kommunar med sprøytebrukarar
  • Sikre overgang til andre inntaksmåtar av rusmiddel enn sprøyter
  • Auke inntak i legemiddelassistert rehabilitering (såkalla LAR)
  • Ytterlegare kunnskapsinnhenting og forsking på tiltak som kan hjelpe oss med å overvake og nå måla

Abonner på nytt eller oppdatert innhold