Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Det er få pasientar med alvorlege infeksjonar etter operasjon

Foto: Mostphotos

Først publisert: 14.09.2023 Siste faglige endring: 14.09.2023

Det er få pasientar som får infeksjon innan 30 dagar etter kirurgiske inngrep. Stadig fleire får sendt epikrise innan ein dag etter utskriving frå spesialisthelsetenesta. Dei fleste svangerskapsavbrota vert utført medikamentelt. Forbruket av breispektra antibiotika i sjukehusa går ned.

Artikkelen er 225 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Dette er nokre av resultata frå dei 23 nasjonale kvalitetsindikatorane.

Infeksjon i operasjonssår er ein av dei tre vanlegaste helsetenesteassosierte infeksjonane. Slike infeksjonar fører til auka sjukdom og dødelegheit for pasientane, og dei kan redusera helsegevinsten av inngrepa. Overvaking er derfor eit sentralt smitteverntiltak. Det er ei målsetjing at alle pasientar vert følgde opp innan 30 dagar etter eit inngrep, og at delen med infeksjonar er så låg som mogleg. 

Nasjonale kvalitetsindikatorar måler oppfølging av pasientar innan 30 dagar etter keisarsnitt, bypassoperasjonar i hjartet, fjerning av galleblære, inngrep i tjukktarm, og dessutan innsetjing av proteser i  hofter. Med unntak av for inngrep i tjukktarm, måler indikatoren del pasientar med infeksjon oppstått innan 30 dagar etter desse operasjonane. 

Dei fleste vert følgde opp for infeksjonar etter operasjon

Resultata for 2022 visar at delen pasientar som vert følgde opp innan 30 dagar etter kirurgiske inngrep, er mellom 94 prosent ved innsetjing av hemi-/halvprotese (hofte) og 98 prosent ved innsetjing av total-/helprotese (hofte).

Andel pasientar med alvorlege infeksjonar etter inngrepa har vore låge over tid, og dei periodevise endringane har vore marginale. Høgast del med alvorlege infeksjonar har vore etter innsetjing av hemiprotese (1,5 prosent i 2022). Slike inngrep er som oftast hasteoperasjonar og pasientane har høg alder.

– Infeksjon etter kirurgiske inngrep er belastande for pasienten og dyrt for sjukehusa. Det er derfor eit viktig helsepolitisk mål å avgrensa dette mest mogeleg. Statistikken viser at sjukehusa er gode til både å kontrollera pasientane og gode til å hindra infeksjon. Dei låge infeksjonstalt over tid tyder på at pasienttryggleiken etter kirurgi er god i den norske helsetenesta, seier divisjonsdirektør Helen Brandstorp i Helsedirektoratet.

Fleire sender epikrise raskt etter utskriving

Epikrisar er viktig for å sikra god informasjonsflyt mellom behandlingsstadar. Det er ei målsetjing for dei regionale helseføretaka at 70 prosent av epikrisane blir sende innan ein dag etter utskriving. Delen har stega jamt sidan rapporteringa starta i 2011. I 1.tertial 2023 var talet høgast for somatiske heilsetenestar med 68,3 prosent medan talet for psykisk helsevern og rusbehandling var rundt 58 prosent. Det er ein gjennomsnittleg auke på 4 prosent samanlikna med 2022. Størst var auke innan rusbehandling, frå 54,3 prosent i 2022 til 58,0 prosent i 1.tertial 2023. Samstundes klarer dei færraste regionale helseføretaka å nå målsetjinga på 70 prosent.

Auke over tid i bruk av medikamentell svangerskapsavbrot 

Medikamentell behandling ved svangerskapsavbrot er i dei fleste tilfelle den føretrekte avbrotsmetoda og tryggast for pasienten.

Medikamentell behandling ved svangerskapsavbrot vart innført som behandlingsmetode i 1998, og det har vore ein stegvis auke i denne avbrotsmetoda i alle dei regionale helseføretaka. I 2022 vart 94,8 prosent av dei sjølvbestemde avbrota gjennomført medikamentelt, medan delen som vart behandla medikamentelt i 1998 var under 10 prosent i 1998 .

Mindre bruk av breispektra antibiotika i sjukehusa 

Reduksjon av unødig  bruk av antibiotika er viktig for å hindra spreiing av antibiotikaresistens, og såleis bevara verknaden av antibiotika. Det er ei målsetjing for sjukehusa  at forbruket av breispektra antibiotika skal vera på same nivå, eller lågare  enn i 2019.

I 1. tertial 2023 var det nasjonale forbruket av breispektra antibiotika i sjukehus 15,9 definerte døgndosar per 100 liggjedøgn. Samla forbruk dette tertialet var 6,3 prosent høgare enn i 2019. Resultata for 1. tertial 2023 viser  ein nedgang i forbruk i alle regionar, samanlikna med 3. tertial 2022 og med same periode i fjor. I tillegg varierer utviklinga mellom dei ulike helseføretaka  og sjukehusa, og fleire hadde eit lågare forbruk dette tertialet enn i 2019.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold