Rapporten er ein analyse og samanstilling av statsforvaltarane sine eigne evalueringar. No skal funn, læringspunkt og føreslåtte tiltak verte vurdert og danne grunnlag for betre beredskap.
- No byrjar den viktige jobben med å sikre læringa og erfaringane som statsforvaltarane har dokumentert. Slik utviklar vi arbeidet med beredskap i Noreg, og lærer noko nytt kvar gong vi dykkar ned i verdifulle funn frå heile landet, seier DSB-direktør Elisabeth Aarsæther.
Læringspunkta i evalueringa er omfattande og dekker eit breitt spekter av tema. Til saman er det føreslått 16 tiltak ut frå følgande ti innspel frå statsforvaltarane:
- betre planleggingsgrunnlag og fornying av smittevernplanar
- styrkt grunnlag for situasjonsforståing
- betre samordning hos nasjonale styresmakter
- vurdering av korte tidsfristar frå oppdragsgjevarane
- meir involvering (av statsforvaltarembeta) før viktige nasjonale avgjerder
- å sjå nærare på samordningsrolla og heimelsgrunnlaget til statsforvaltarane
- styrke kommunane sitt beredskapsarbeid
- kommunikasjon, kommunikasjon, kommunikasjon!
- å avklare krav til å vere tilgjengelege og ønske om formalisert vaktordning
- å sjå nærare på rolla til statsforvaltaren etter smittevernlova
- Vi er særs imponerte over den jobben statsforvaltarane har gjort under pandemien, og her har dei i tillegg lagt ned mykje arbeid i evalueringane. Dette er òg viktige innspel til vår eiga evaluering, og vi skal gjere vårt for at den samla læringa skal bidra til auka beredskap, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad
Helsedirektoratet og DSB jobbar no med plan for oppfølging av rapporten, og vil gjennom samarbeid med respektive departement og statsforvaltarane, involvere aktørane som vert påverka av forslaga til tiltak.