Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Evaluering av opptrappingsplanen for rusfeltet

Først publisert: 28.01.2019 Sist fagleg oppdatert: 26.10.2021

Ein ny Fafo-rapport viser at det er for tidleg å måle verknaden av opptrappingsplanen for rusfeltet. Samstundes peikar rapporten på at merksemda om planen har medverka til at kommunane utviklar tenester i tråd med måla for planen.

Opptrappingsplanen for rusfeltet skal sikre auka kapasitet og betre kvalitet i tilbodet til folk som har, eller er i ferd med å utvikle rusmiddelproblem. Fafo peikar på at planen inneheld få høvelege, nye tiltak, men at opptrappingsplanen ofte verker saman med andre pågåande strategiar og satsingar.

- Statusmålinga viser at opptrappingsplanen for rusfeltet har verknad. Noko er veksten i løyvingar til feltet, men kanskje like viktig er merksemda planen har skapt. Fylkesmennene og kompetansesentra sin innsats tydar mykje, og vi ser at ei rad kommunar jobbar med implementering av kunnskapsbaserte metodar og modellar, seier avdelingsdirektør Mette Garvoll i Helsedirektoratet.

- Rapporten viser at det skjer ein auke i årsverka i kommunane innan rus og psykisk helse. Samstundes skjer det ei kompetanseheving ute i kommunane, ved at det vert tilsett fleire med høy utdanning tilpassa rusfeltet.

Likevel er det framleis stor kommunal variasjon på rusfeltet. Rapporten peikar på fleire område med behov for særskild merksemd framover, mellom anna meir systematisk involvering av brukarar- og pårørande, gjere tilbodet til personar med ROP-lidingar betre og syte for at fleire med rusmiddelproblem kjem i arbeid og meiningsfull aktivitet.

- Vi oppmodar kommunane til å nytte verkemidla som finst for å utvikle tilbodet, slik som den auka rammeoverføringa grunngjeve i opptrappingsplanen og ordningar for tilskot på rusfeltet.

- Samstundes er det fleire prosessar innan rusfeltet vi ser vil ha stor tyding for å nå måla i opptrappingsplanen. Dette gjeld særleg innføringa av pakkeforløpa no i januar 2019 og Kompetanseløftet 2020 som òg inkluderer psykisk helse og rusfeltet, seier Garvoll.

Les rapporten her: Evaluering av opptrappingsplan for rusfeltet

Abonner på nytt eller oppdatert innhold