Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Endringar i smitteverntiltak som gjeld frå 12. februar 2022, kl. 10

Foto: Mostphotos

Først publisert: 12.02.2022 Siste faglige endring: 12.02.2022

Regjeringa har i dag, 12. februar 2022, avgjort at vi kan lette på dei aller fleste smitteverntiltaka vi har hatt mot koronapandemien.

Artikkelen er 2 år gammel, informasjonen kan være utdatert.

Overordna råd om smittevern

  • Ha god hand- og hostehygiene.

  • Følg vaksinasjonsprogrammet.

  • Test deg ved symptom. Barn i barnehagealder og skuleelevar er unnteke. Det er ikkje lenger naudsynt å teste seg dersom du ikkje har symptom.

  • Ved positiv koronatest bør vaksne halde seg heime i fire dagar.

  • Ta kontakt med legen din dersom du er bekymra for eigen helse eller for barnet ditt.

 

Råd til risikogrupper og uvaksinerte

  • Personar i risikogruppene er normalt godt beskytta mot alvorleg sjukdom om dei følgjer råd om vaksine. Dei fleste vil i stor grad vere beskytta mot alvorleg sjukdom, slik at dei kan leve som andre og følgje same smittevernråd som andre.

  • Dersom du har risiko for alvorleg sjukdom ved koronasmitte, må du sjølv vurdere risikoen for smitte og eigen risiko for alvorleg sjukdom mot behovet for kontakt med andre. Det gjeld også for dei som ikkje er vaksinerte. 

  • Å halde seg unna store samlingar av folk og å bruke munnbind kan vere aktuelle tiltak. Det er likevel viktig å ikkje isolere seg og halde fram med noko sosial kontakt. Du kan til dømes vere saman med nokre få faste personar og då reduserer du risikoen for å bli smitta.

  • Om du har høg risiko for alvorleg sjukdom bør du rådføre deg med legen din om du bør skjerme deg i periodar med mykje smitte. Sjå meir om risikogrupper for koronasjukdom på helsenoreg.no

Avstand og sosial kontakt

  • Det er ikkje lenger generelt råd om 1 meters avstand i samfunnet.

  • Dersom du har nyleg oppståtte luftvegssymptom, bør du halde avstand til andre, særleg til personar i risikogrupper.

  • Med eit høgt smittepress som no, bør grupper som framleis har auka risiko for alvorleg  sjukdom, avgrense talet på nærkontaktar.

  • Institusjonar bør legge til rette for besøk ved fødsel og alvorleg sjukdom, sjølv for pårørande eller følgjepersonar som har testa positivt for korona.

Munnbind

  • Det er ikkje lenger påbod om å bruke munnbind.

  • Er du nærkontakt med personar i risikogrupper og du har luftvegssymptom eller forkjøling, bør du nytte munnbind. Kven som er i risikogrupper finn du på Helsenoreg.no

  • Er du i ei risikogruppe eller uvaksinert, bør du bruke munnbind ute blant folk i periodar med mykje smitte, dersom det er vanskeleg å halde avstand til andre.

Testing

  • Om du har luftvegssymptom som nyleg har oppstått, bør du teste deg for koronasjukdom.

  • Om du ikkje har symptom og bur i husstand med ein som er smitta, treng du ikkje teste deg.

  • Dersom du får positiv sjølvtest heime, bør du registrere dette i kommunen sitt system for å spore smitte. Ein positiv sjølvtest blir ikkje registrert på helsenorge.no, og vil ikkje bli vist i koronasertifikatet.

  • Dersom du ikkje er fullstendig vaksinert, om du til dømes manglar oppfriskingsdose, bør du ta ny test på ein teststasjon for å få stadfesta den positive sjølvtesten.

  • Det er ikkje naudsynt med stadfestande test for dei som har fått oppfriskingsdose (booster) eller er grunnvaksinerte og etterpå har gått gjennom koronasjukdom dei siste 3 månadane.

  • Dei fleste vil teste positivt i tida når symptoma byrjar. Ved nokre høve kan det gå lengre tid frå du får symptom til sjølvtesten viser at du er smitta. Dersom du har symptom som varar og sjølvtesten er negativ, bør du ta ein ny test 2–3 dagar seinare. Dersom symptoma er lette, treng du ikkje halde deg heime i tida mellom den fyrste og den andre testen.

  • Ved helseinstitusjonar eller sjukehusavdelingar der koronasmitte vil føre til særleg høg risiko, kan ein vurdere lokalt å setje i verk jamleg testing av tilsette og pasientar, uavhengig av vaksinasjonsstatus. Ein kan òg lokalt vurdere testing av tilsette besøkande, brukarar og nye pasientar i einskilde avdelingar med spesielt sårbare pasientar eller grupper.

Isolasjon

  • Dersom du blir smitta med korona, er det ikkje lenger eit krav at du må isolere deg.

  • Har du fått stadfesta koronasmitte, bør du halde deg heime i 4 døgn frå symptoma starta og til du har vore feberfri i eitt døgn. Hald avstand til andre i heimen og bruk munnbind.

  • Barn og skuleelevar, treng ikkje halde seg heime i fire døgn om dei vert smitta med korona. Desse barna treng berre halde seg heime dersom dei er sjuke.

Smittesporing

  • Om du blir smitta med korona treng du ikkje lenger informere nærkontaktane dine om smitten.

  • Kommunal smittesporing kan vere aktuelt ved nokre høve, til dømes som hjelp ved utbrot i kommunale institusjonar.

Karantene

Alle råd og reglar om karantene blei avvikla 1. februar.

Skular, barnehagar og SFO

  • Skular, barnehagar og SFO kan ha normal drift som følgjer overordna råd om smittevern til befolkninga.

  • Det er ikkje lenger påbod om at drifta skal være smittevernfagleg forsvarleg etter covid-19-forskrifta. 

  • Det vil framleis gjelde eit krav om smittevern i skular og barnehagar, jamfør forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular m.v. Her er det krav om at verksemda skal vere planlagd, driven og avvikla slik at smittsame sjukdomar blir førebygd.

  • Arbeidsgjevarar bør leggje arbeidstilhøva til rette ved utdanningsinstitusjonar slik at risikogrupper har naudsynt fleksibilitet.

  • FHI sine råd til arbeidsplassar og verksemder er dekkande som smittevernråd til tilsette. Spesifikke smittevernråd for barnehagar og skular er det informasjon om i koronarettleiaren, sjå Råd om smittevern i skular og barnehagar.

  • Trafikklysmodellen blir ført vidare som ein beredskapsrettleiar og han gjev tilrådde kontaktreduserande tiltak når smittesituasjonen i kommunen gjer at det er naudsynt og høveleg med smitteverntiltak i skular og barnehagar. Kommunen kan avgjere at dei skal nytte trafikklysmodellen dersom vilkåra i smittevernlova er oppfylte.

Universitet, høgskular og fagskular

  • Universitet, høgskular og fagskular kan ha normal drift som følgjer overordna råd om smittevern til befolkninga.

  • Det er ikkje lenger påbod om at drifta skal være smittevernfagleg forsvarleg etter covid-19-forskrifta. 

  • Det vil framleis gjelde krav til smittevern i desse verksemdene jf. forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skuler m.v. Her er det krav om at verksemda skal vere planlagd, driven og avvikla slik at smittsame sjukdomar blir førebygd.

  • Arbeidsgjevarar bør leggje arbeidstilhøva til rette ved utdanningsinstitusjonar slik at risikogrupper har naudsynt fleksibilitet.

Arbeidsliv

  • Arbeidslivet generelt kan ha normal drift som følgjer overordna råd om smittevern til befolkninga.

  • Arbeidsgjevarar må sjølv vurdere kva behov dei har for å hindre smitte og gje retningsliner for sine tilsette. Det er viktig å leggje tilhøva til rette på arbeidsplassane slik at risikogrupper har naudsynt fleksibilitet.

  • Dersom det av omsyn til drift er naudsynt at nokon tilsette med smitte møter på jobb, har Folkehelseinstituttet eigne smittevernråd på nettsidene sine om korleis ein e kan gjennomføre dette.

Arrangement og samankomstar

  • Arrangørar kan ha normal drift som følgjer overordna råd om smittevern til befolkninga.

  • Det er ikkje lenger krav til arrangørar om storleiken på arrangement og samankomstar. Det er heller ikkje krav om å leggje til rette for avstand mellom deltakarar.

  • Det er ikkje lenger krav om at drifta skal være smittevernfagleg forsvarleg etter covid-19-forskrifta.

  • Det vil framleis gjelde krav til smittevern etter forskrift om miljøretta helsevern som gjeld for alle verksemder. Det krav til at verksemda skal vere planlagd, driven og avvikla slik at smittsame sjukdomar blir førebygd.

 

Smittevernfagleg forsvarleg drift

  • Regjeringa opphevar krav til smittevernfagleg forsvarleg drift for å kunne halde opent for bibliotek, museum, bingohallar, bowlinghallar, symjehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, treningssenter, kjøpesenter, butikkar, varemesser, mellombelse marknadar, fornøyelsesparkar, leikeland, spelehallar og liknande.

  • Desse verksemdene kan ha normal drift som følgjer overordna råd om smittevern til befolkninga.

  • Det vil framleis gjelde krav til smittevern etter forskrift om miljøretta helsevern som gjeld for alle verksemder. Det krav til at verksemda skal vere planlagd, driven og avvikla slik at smittsame sjukdomar blir førebygd.

 

Inn og utreise

  • Regjeringa har oppheva forskriftsfesta krav ved reise inn til Noreg. No gjeld dei ordinære råda om smittevern, som til dømes å teste seg om ein har symptom.

  • Det er framleis ikkje ein normal tilstand i mange land. Fleire land har strenge restriksjonar og smitteverntiltak om ein vil reise inn i landet.

  • Du er ansvarleg for din eigen tryggleik på reisa. Vi tilrår deg å sjekke vilkåra for innreise og status for pandemien på den staden du reiser til.

  • Utanriksdepartementet har god informasjon på sine nettsider som kan være nyttig om du skal reise.  

  • Det er lurt å sjekke at du har gyldig reiseforsikring og kva forsikringa dekkjer.

 

Ved reise til Svalbard gjeld framleis særlege krav.

  • Det er framleis krav om test før avreise til Svalbard. Unntatt frå dette kravet er dei som kan dokumentere at dei er fastbuande på Svalbard eller at dei er fullvaksinerte eller har vore gjennom koronasjukdom

  • Alle som kjem til Svalbard skal framleis teste seg for covid-19 innan 24 timer etter at dei har komme fram.

  

Abonner på nytt eller oppdatert innhold