Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Dobbelt så mange kvinner har tryggleiksalarm

Kvinner bruker velferdsteknologi hjemme ved stuebordet.

Ferske tal viser at talet på registrerte mottakarar av ein eller fleire velferdsteknologitenester har auka frå 99 616 personar i 2018 til 125 286 personar i 2022. Foto: Helsedirektoratet

Først publisert: 21.09.2023 Siste faglige endring: 21.09.2023

Meir enn dobbelt så mange kvinner som menn fekk tryggleiksalarm frå 2019 til 2022. Faktisk er eldre kvinner flinkare til å ta i bruk teknologiske hjelpemiddel enn jamaldra menn, viser ein ny rapport frå Helsedirektoratet.

Artikkelen er 210 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Forskjellane har samanheng med kjønnsfordelinga i dei ulike aldersgruppene i befolkninga og blant tenestemottakarane generelt. Kvinner har høgare forventa levealder og bur fleire år åleine når dei bli eldre.

Stor auke

– Vi ser likevel at raten per 1 000 kvinnelege innbyggjarar er gjennomgåande høgare enn for menn for alle typar velferdsteknologiske tenester. Forskjellen er størst for mottakarar av tryggleiksalarm, men også for digitalt tilsyn og digital medisineringsstøtte, seier fungerande divisjonsdirektør Helga Katharina Haug i Helsedirektoratet.

Ferske tal viser at talet på registrerte mottakarar av ein eller fleire velferdsteknologitenester har auka frå 99 616 personar i 2018 til 125 286 personar i 2022. 

– Lang veg å gå

Å flytte tenester heim til pasienten ved hjelp av teknologi er eit av måla i Nasjonal helse- og sjukehusplan 2020-2023.

– Vi står no framfor store berekraftsutfordringar i helse- og omsorgstenestene fordi vi både blir fleire eldre og lever lengre, seier Haug. 

Rapporten Velferdsteknologi i omsorgstenesta​ viser at det særleg for kommunane har vore ein rask auke når det gjeld å ta i bruk (velferds-)teknologi i tenestene. 

– Det er likevel lang veg igjen å gå for at bruk av teknologi i helse- og omsorgstenestene fullt ut når eit nivå som kan bidra til å avhjelpe berekraftsutfordringane me står ovanfor, seier Haug.

Årsrapporten viser også kvar me står knytt til digitalisering av fastlegeverksemda, og dessutan på sjukehusa. I tillegg gir ho eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om konsekvensane for både brukarar og kommunen ved at spesialisthelsetenesta flyttar fleire tenester heim til brukaren ved hjelp av teknologi.

Tala i rapporten viser overordna sett følgjande utviklingstrekk:

  • Implementering av velferdsteknologi i kommunane har vore i rask vekst dei seinare åra. Det samla talet implementerte teknologiar er framleis relativt lågt. Unntaket er digitale tryggleiksalarmar, som har vore i bruk lenge.
  • Andelen kommunar som ikkje har registrert nokon velferdsteknologiar (bortsett frå digital tryggleiksalarm) blir redusert for kvart år som går. Det er i dei minste kommunane at denne andelen er høgast. Dette kan vera urovekkjande, då fleire av desse mindre kommunane sannsynlegvis i særleg grad vil bli ramma av helsepersonellmangel i nær framtid, samtidig som dei "går glipp av" dei tidssparande effektane av velferdsteknologi.
  • Andelen e-konsultasjonar hos fastlege var i 2022 litt lågare enn toppåret 2021, men har likevel stabilisert seg på eit langt høgare nivå enn før pandemien. 
  • Oversikta frå Norsk pasientregister knytt til "flytting av spesialisthelsetenester heim ved hjelp av teknologi", som er eit av måla i Nasjonal helse- og sjukehusplan (2020-2023), viser også ein forsiktig, gradvis auke i bruk av teknologi. Det blir gitt ein analyse av moglege effektar av denne flyttinga av tenester både for kommunar og brukarar, basert på ei tilsvarande utgreiing i fjor. Omfanget er framleis for lite til at ein ser store effektar, både av negativ og positiv art. 

Fakta: 

  • Tryggleiksalarm har flest tenestemottakarar per 1 000 innbyggjarar i alle kommunegrupper. Meir enn dobbelt så mange kvinner som menn fekk tryggleiksalarm frå 2019 til 2022. For 2022 var 7 900 kvinner og 3 700 menn registrerte som mottakarar av tryggleiksalarm. I heile perioden er det fleire kvinner enn menn som får ein eller fleire velferdsteknologitenester.

  • I 2022 fekk 390 000 personar ein eller fleire kommunale helse- og omsorgstenester. Talet på tenestemottakarar har auka frå 364 500 i 2018, og 328 245 personar fekk tenester i heimen medan 111 000 personar fekk tenester i institusjon.

 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold