Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Aktivitet og ventetider i spesialisthelsetenesta 1. tertial 2023

Lege noterer informasjon i skjema.

Lege på arbeid i sjukehuset (Foto: Mostphotos)

Først publisert: 23.06.2023 Siste faglige endring: 23.06.2023

Ventetida i spesialisthelsetenesta auka med seks dagar frå 1. tertial 2022 til 1. tertial 2023 og del fristbrot har auka i alle sektorar. I gjennomsnitt venta ein pasient 69 dagar på behandling i første tertial 2023. Talet på behandla pasientar auka i somatikk, rusbehandling og psykisk helsevern for barn og unge.

Artikkelen er 309 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Dette viser tal som er rapportert til Norsk pasientregister ved utgangen av april 2023.

Aktivitet i somatiske sjukehus

1. tertial 2023 vart nesten 1,2 millionar pasientar behandla ved somatiske sjukehus, det er ein auke på 4,3 prosent frå 2022. Talet på døgnopphald, talet på dagbehandlingar og talet på polikliniske konsultasjonar auka. 

Les meir om tala frå somatiske sjukehus i 1. tertial 2023

Årsdata om aktivitet i somatiske sjukehus finn du i statistikkvisning med grafar og tabellar.

Aktivitet i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling

I løpet av 1. tertial 2023 fekk nesten 107 000 vaksne og 50 000 born og unge helsehjelp innan psykisk helsevern. Talet på pasientar auka med sju prosent i psykisk helsevern for born og unge, og omtrent uendra innan psykisk helsevern for vaksne. Talet på polikliniske kontaktar har auka i psykisk helsevern.

Over 24 000 personar fekk helsehjelp i tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), noko som svarer til ein auke på fire prosent frå 2022. Døgnaktiviteten var relativt stabil samanlikna med året før, medan det var ein liten nedgang i talet på polikliniske kontaktar.

Les meir om aktivitet i 1. tertial i psykisk helsevern for barn og unge  og i psykisk helsevern for vaksne og TSB.

Aktivitet hos avtalespesialistar

Avtalespesialistane rapporterte til saman 1 130 000 konsultasjonar i 1. tertial 2023, det er 1,3 prosent meir enn same periode i 2022. I somatikk var det nesten 915 000 konsultasjonar mot 904 000 året før. I psykisk helsevern var det over 217 000 konsultasjonar mot over 213 000 i tilsvarande periode året før.

Avtalespesialistane utførte i overkant av 20 prosent av den totale polikliniske aktiviteten, både for somatikk og psykisk helsevern. Det er omtrent på same nivå som året før.

Les meir om aktivitet hos avtalespesialistar, 1. tertial 2023.

Ventetid og fristbrot

Gjennomsnittleg ventetid for dei som fekk helsehjelp var 69 dagar i 1. tertial 2023, ein auke på seks dagar samanlikna med same periode i fjor. Ventetida var 71 dagar i somatisk sektor, 52 dagar i psykisk helsevern for vaksne og 55 dagar i psykisk helsevern for born og unge.  For TSB var ventetida 33 dagar, og stabil frå i fjor. For dei andre sektorane auka ho, og mest for somatikk. Del fristbrot aukar innan alle sektorar, men spesielt for somatikk. Del fristbrot er no 8,7 prosent innan somatikk, i overkant av fem prosent innan psykisk helsevern og 3,2 prosent innan TSB.

Meir statistikk frå Norsk pasientregister

Her finn du meir statistikk frå Norsk pasientregister

    Abonner på nytt eller oppdatert innhold