Midla skal legge til rette for ei trygg og forutsigbar spesialisering, og bidra til at fleire vil velje fastlegeyrket og bli spesialistar i allmennmedisin. Tilskotsordninga for Nasjonal ALIS og rettleiing er eit av tiltaka i Handlingsplan for allmennlegetenesta.
Behov for fleire fastlegar
Ved utgangen av 2021 hadde 64 prosent av fastlegane gjennomført spesialisering i allmennmedisin. Talet har auka gradvis dei siste åra.
- Kravet til å spesialisere seg i allmennmedisin er eit viktig kvalitetskrav i den offentlege fastlegeordninga. I åra som kjem treng vi enno fleire legar som spesialiserer seg i allmennmedisin og blir fastlege. Då er det gledeleg at antal ALIS - kandidatar det er søkt om tilskot til, er meir enn dobla frå førre år, seier divisjonsdirektør Johan Torgersen i Helsedirektoratet.
ALIS - tilskot skal bidra til å dekke kommunane sine meirkostnader når dei lagar ALIS - avtale. Ordninga dekker også kommunane sine utgifter til forskriftsfesta rettleiing til legar som er under spesialisering i allmennmedisin, og som ikkje lagar ein ALIS - avtale. Målet med ordninga er å få fleire legar til å starte opp og fullføre spesialiseringa i allmennmedisin.
Fastlegeordninga har gjennom mange år vore vurdert som vellukka. Dei siste åra har utfordringane vore aukane. Handlingsplan for allmennlegetenesta skal bidra til ei framtidsretta allmennlegeteneste, fastlegeordning og legevakt.
Nyheitsbrev om Handlingsplan for allmennlegetenesta
Helsedirektoratet har oppretta eit nyheitsbrev for informasjon om Handlingsplan for allmennlegetenesta. Nyheitsbrevet inneheld informasjon om tiltak, aktivitetar og støttefunksjonar frå Helsedirektoratet, knytt til handlingsplanen.
Kven som helst kan abonnere, men målgruppa for nyheitsbrevet er legar og kommunalt ansatte som jobbar med eller i kommunal allmennlegeteneste.