Dette kjem fram i ei ny kartlegging der Helsedirektoratet har sett på kva slags tenester og tilbod kommunane har for dei som har demenssjukdom.
Kommunane må planlegge
I følge demenskartet.no vil det i 2025 vere om lag 116 000 som har demenssjukdom. I 2030 vil talet verte nesten 140 000. At vi i framtida får mange fleire med demenssjukdom gjer at kommunane må planlegga korleis dei skal legge til rette og dimensjonere tenestene til personar med demens og dei pårørande.
- Det er viktig at kommunane har planlagt for denne kraftige veksten som vi allereie veit vil kome. Mange kommunar har teke grep og har gode tilbod til personar med demens. På ein god del område har det gått framover. Dagaktivitetstilbod har vore eit satsingsområde i alle demensplanane våre, og det ser ut til at fleire med demens no får dette tilbodet, seier fungerande divisjonsdirektør Helga Katharina Haug.
Det var 12 145 menneske med demensdiagnose som fekk ein eller annan form for dagaktivitetstilbod i 2022.
Det går i riktig retning
- Mange kommunar er godt i gang og fylgjer opp Demensplan 2025 på ein god måte. Til dømes hadde nesten ni av ti kommunar hukommelsesteam eller liknande, og 62 % hadde faste rutinar, prosedyrar eller modellar for oppfylging av heimebuande personar med demens etter diagnose. Fleire kommunar rapporterte at dei er godt i gang med å lage ulike rutinar, men at dei ikkje var ferdige med dette arbeidet enno.
- Om lag 200 kommunar/bydelar i Oslo får no bistand frå utviklingssentera for sjukeheimar og heimetenester for å lage system for oppfølging etter diagnose og tilrettelagt hjelp gjennom sjukdomsforløpet. Resultata håper vi å sjå i åra som kjem. Koronapandemien og det at mange kommunar har brukt tid og krefter på å slå seg saman kan vere ein årsak til at ikkje alle har hatt så stor framgang på alle område, avsluttar Haug.
Manglar helsepersonell
Å rekrutter nok helsepersonell er ei utfordring, også på demensfeltet. Kompetanse er særleg viktig for dei med alvorleg demenssjukdom og betydelege atferdsmessige og psykologiske symptom. Andelen av tilsette med helsefagleg utdanning på bachelor-nivå eller høgare i dei forsterka tilrettelagte einingane varierte mykje mellom kommunane. Gjennomsnittet var 34 prosent for kommunar som hadde slike einingar.
Om demensplan 2025
Demensplan 2025 som er regjeringa si satsing på demens har fire innsatsområde
- Medbestemming og deltaking
- Førebygging og folkehelse
- Gode og samanhengande tenester
- Planlegging, kompetanse og kunnskapsutvikling.
Om kartlegginga
Kartlegginga har tidlegare vorte gjennomført kvart fjerde år, i denne kartlegginga har vi særleg kartlagt innsatsområda i Demensplan 2025. Svarprosent for kommunane var på 92 prosent. I tillegg vart det henta ut allereie innrapporterte registerdata frå Kommunalt pasient- og brukraregister (KPR), Norsk pasientregister (NPR) og KOSTRA, og data frå Aldring og helse.