Kompetanseløft 2020

Kompetanseløft 2020 har som føremål å bidra til ein fagleg sterk kommunal helse- og omsorgsteneste, og å sikre at sektoren har nok og kompetent bemanning.

Under dei seks strategiane nedanfor finn du dei tilhøyrande tiltaka og tilskotsordningane, og får informasjon om korleis kommunen din kan søkja støtte. 

Det er i statsbudsjettet for 2019 sett av om lag 1,5 milliardar kroner til over 50 ulike tiltak under Kompetanseløft 2020. Fylkesmennene har forvaltingsansvar for fleire av tilskotsordningane under Kompetanseløft 2020 - fylkesmannen.no

Sjå meir detaljert omtale av handlingsplanen i Kompetanseløft 2020 – Oppgåver og tiltak for budsjettåret 2017 og i Årsrapport 2017 for Kompetanseløft 2020 (PDF). SINTEF saman med NIBR og NIFU har fått i oppdrag å evaluere Kompetanseløft 2020. Evalueringa vil m.a. vurdere om kommunane utviklar seg i tråd med intensjonar i dei vedtekne strategiane.

Strategi 1: Sikre god rekruttering og stabil bemanning av helse- og sosialfagleg personell

  1. Rekrutteringsprosjekt: Menn i helse (mennihelse.no) – tilskot til KS
  2. Rekruttering av sjukepleiarar og helsefagarbeidarar til kommunane (Jobbvinner)
    KS er øyremerka tilskotsmottaker for prosjekt Jobbvinner. Meir om prosjektet. 
  3. Bedre legesituasjon i områder av landet med dårlig legedekning – tilskot frå Fylkesmannen til kommunane. Fast årleg tildeling til Fylkesmannen i Finnmark og Sogn og Fjordane
  4. Kvalifisering av framandspråklege – tilskot til fylkeskommunane
  5. Rekruttering av psykologar i kommunane – tilskot frå Fylkesmannen til kommunane
  6. Utdanningsstillingar i allmennmedisin – tilskot til kommunane

Strategi 2. Sikre at grunn- og vidareutdanningane har god kvalitet og er tilpassa kva tenestene treng

  1. Gjennomføre eit pilotprosjekt med nasjonal deleksamen (nokut.no) for bl.a. sjukepleiarutdanning (utgreiing, modellforsøk)
  2. Utarbeide eit konkret opplegg for gjennomføring av kollegagrupper i kommunane
  3. Etablering av nye kliniske vidareutdanningar på mastergradnivå retta mot oppgåver i den kommunale helse- og omsorgstenesta – utgreiing
  4. Utvida rettar til å føreskrive legemidlar for utvalde yrkesgrupper – utgreiing
  5. Greie ut om utvalde helsefaglege utdanningar held tilstrekkeleg kvalitet med omsyn til sluttkompetansen til kandidatane
  6. Vurdere om det bør etablerast offentleg spesialistgodkjenning for sjukepleiarar med utvalde masterutdanningar – utgreiing
  7. Vurdere om innhaldet i dagens vidareutdanningar for sjukepleiarar møter behovet i tenestene – utgreiing

Strategi 3. Auke kompetansen hos dei tilsette med mål om styrka forsking, innovasjon og kunnskapsbasert praksis

  1. Stimuleringstiltak for psykologar – tilskot til UiB
  2. Demensomsorgas ABC (aldringoghelse.no) – opplæringstiltak i regi av Nasjonal kompetjeneste for aldring og helse
  3. Driftstilskot til institusjonar som driv vidare-, etter- og spesialistutdanningar innan psykisk helsefeltet
  4. Eldreomsorgas ABC (aldringoghelse.no) – opplæringstiltak i regi av Nasjonal kompetjeneste for aldring og helse. 
  5. Etisk kompetanseheving (ks.no) – tilskot til KS
  6. Gjennomgå fleire av sektorforskriftene og vurdere om det i forskriftene skal fastsetjast konkrete minimumskrav til kompetanse for ulike tenester eller tenesteområde (utgreiing)
  7. Innføre kompetansekrav i lov om kommunale helse- og omsorgstenester (utgreiing)
  8. Kompetansetiltak til tilsette innan psykiske helse- og rusproblematikk – tilskot frå fylkesmennene til kommunane, en del av Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot
  9. Kunnskap og informasjon om lindrande behandling og omsorg ved livets slutt for born og unge – tilskot
  10. Kurspakke for ufaglærte – tilskot til Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse. Introduksjon til helse- og omsorgsarbeid (aldringoghelse.no) og Jeg vil bli helsefagarbeider – med ABC til fagbrev (aldring og helse.no)
  11. Gjennomføring av utdanning i avansert klinisk sjukepleie – lønstilskot til kommunar
  12. Mitt Livs ABC: Kompetansetiltak i tenester til personer med utviklingshemming (mittlivsabc.no) – opplæringstiltak i regi av Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse
  13. Styrking av kompetansen om palliasjon – tilskot frå fylkesmennene til kommunane
  14. Helsestasjons- og skolehelsetjenesten blir fra 2018 videreført under annet navn - Styrking og utvikling av helsestasjons- og skolehelsetjenesten
  15. Tiltak til styrking av kompetansen i legemiddelhandering av tilsette i omsorgstenesta – tilskot frå fylkesmennene til kommunane, en del av Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot. Inngår i ordninga for kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot. Der kan kommunen søkja Fylkesmannen om stønad til innovasjonsprosjekt, mellom anna innan fagområdet legemiddelhandtering. 
  16. Fagskuleutdanning (vidareutdanning) innan helse- og sosialfag – tilskot til fylkeskommunane
  17. Grunn-, vidare- og etterutdanning av tilsette i omsorgstenesta – tilskot frå fylkesmennene til kommunane, en del av Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot 
  18. Lindrande behandling og omsorg ved livets slutt – tilskot til kommunane
  19. Kurs i akuttmedisin og valds- og overgrepshandtering – tilskot til kommunane, innkjøp av kursarrangør
  20. Tilskot til stiftinga Livsglede for eldre (livsgledeforeldre.no), til opplæring, støtte og vegleiing til å setje i system aktivitetar og gode opplevingar for den enkelte sjukeheimsbebuar
  21. Tilskot til Verdighetssenteret (verdighetssenteret.no), til opplæring av frivillighetskoordinatorar for frivillig arbeid og omsorg ved livets slutt
  22. Auka kompetanse innan mat, kosthald og ernæring i omsorgstenestene – tilskot frå Fylkesmannen til kommunane, ein del av Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot
  23. Styrking og spreiing av kunnskap og kompetanse om nevrologiske lidingar – tilskot til brukarorganisasjonar
  24. Tverrfagleg vidareutdanning i psykososialt arbeid med born og unge – oppdrag til høgskular/universitet
  25. Greie ut om krav til at alle allmennlegar i den kommunale helse- og omsorgstenesta skal vere spesialistar eller under spesialisering i allmennmedisin
  26. Velferdsteknologiens ABC (ks.no) – oppdrag til KS for å utvikle opplæringspakke

Strategi 4. Leggje til rette for tenesteutvikling, teamarbeid og innovasjon

  1. Driftsmidlar til Utviklingsssentre for sjukeheimar og heimetenester (utviklingssenter.no) – tilskot til kommunar med driftsansvar for utviklingssenter
  2. Kunnskaps- og kompetansesentre utanfor spesialisthelsetenesta – utgreiing, tilskot, innkjøp
  3. Leggje til rette for teamorganisering av tenester – utgreiing og iverksetjing
  4. Styrking og utvikling av helsestasjons- og skulehelsetenesta
  5. Læringsnettverk for gode pasientforløp – midlar frå HOD til KS. Se Læringsnettverk for gode pasientforløp (KS.no) og læringsnettverk for helsepersonell (FHI.no).
  6. Kompetansetiltak til born med nedsett funksjonsevne og deira familiar – tilskot til kommunane

Strategi 5. Bidra til god praksis, fagleg utvikling, større fagleg breidd og kunnskapsspreiing

  1. Driftsmidlar til Utviklingssentre for sjukeheimar og heimetenester (utviklingssenter.no) – tilskot til kommunar med driftsansvar for utviklingssenter
  2. Kunnskaps- og kompetansesentre utanfor spesialisthelsetenesta – utviklingsarbeid, tilskot, innkjøp
  3. Læringsnettverk for gode pasientforløp – midlar frå HOD til KS. Se Læringsnettverk for gode pasientforløp (KS.no) og læringsnettverk for helsepersonell (FHI.no).
  4. Grunn-, vidare- og etterutdanning av tilsette i omsorgstenesta – tilskot frå Fylkesmannen til kommunane, ein del av Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot 
  5. Kompetanseheving i tenestene til personar med utviklingshemming – tilskot til kommunane
  6. Tverrfagleg vidareutdanning i psykososialt arbeid med born og unge – oppdrag til høgskular/universitet
  7. Greie ut endring av lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m., slik at kommunane a) får ei vegleiingsplikt overfor spesialisthelsetenesta som speglar spesialisthelsetenesta si vegleiingsplikt over kommunen og b) ei plikt til kompetansedeling inne i dei kommunale helse- og omsorgstenestene
  8. Utvikle arenaer for kompetanseoverføringar mellom spesialisthelsetenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta innafor utvalde tema – utgreiing og iverksetjing
  9. Opplæringsprogram i musikkbasert miljøbehandling for tilsette i helse- og omsorgstenesta (musikkbasertmiljobehandling.no) – opplæringsprogram frå Nord Universitet
  10. Nasjonalt kompetansesenter for kultur, helse og omsorg (kulturoghelse.no) – tilskot

Strategi 6. Bidra til betre leiarskap gjennom målretta satsing på auka kompetanse for leiarar

  1. Nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta – Handelshøyskolen BI (bi.no)
  2. Kommunal deltaking i toppleiarprogrammet – utgreiing og iverksetjing
  3. Utarbeide vegleiar for kommunen si oppfølging av private aktørar med driftsavtale – utgreiing

Nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta – søknadsfrist 15. april 2020

Nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta har søknadsfrist 15. april 2020 for opptak til studiet som startar hausten 2020.

Utdanninga som Handelshøyskolen BI tilbyr, er resultat av eit samarbeid mellom KS og Helsedirektoratet. Hausten 2020 vil det bli tilbod om ein klasse ved BI Stavanger og tre klassar ved BI Oslo. 

Styrka leiarskap i kommunale helse- og omsorgstenester og tannhelsetenesta i fylkeskommunane er eit prioritert område for regjeringa. Nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta er eit sentralt verkemiddel for å nå måla i arbeidet med utfordringane i tenestene.

Utdanninga rettar seg mot leiarar i helse- og omsorgstenesta i kommunar og tannhelsetenesta i fylkeskommunar. Dette omfattar til dømes leiarar i psykisk helsearbeid og rusarbeid, kommunale institusjonar og sjukeheimar, heimebaserte omsorgstenester, helsestasjons- og skulehelsetenesta, habiliterings- og rehabiliteringstenesta, offentleg tannhelseteneste, mellom anna overtannlegar og klinikkleiarar. 

Studiet er eit samlingsbasert masterprogram som gir 30 studiepoeng. Det er sett saman av 6 samlingar på 3-4 dagar i løpet av eit studieår (haust/vår), inkludert ein utanlandsmodul. Studiet omfattar ei praksisorientert prosjektoppgåve om innovasjon og endring til nytte i eiga verksemd. 

Tema på samlingane er:

  • Samling 1: Leiarskap og samhandling i kunnskapsorganisasjonar
  • Samling 2: Strategisk forvalting og utvikling av kompetanse
  • Samling 3: Organisasjonskultur og gruppedynamikk i helse- og omsorgstenestene
  • Samling 4: Leiarskap i innovasjon og endring
  • Samling 5: Leiarskap og økonomi: styring i offentleg forvalting
  • Samling 6: Jus, internkontroll og etikk

Studieavgifta er dekt av Helsedirektoratet gjennom oppdraget til BI om å tilby utdanninga. Reise og opphald må dekkjast av den enkelte. Du kan søkje om reisetilskot frå KS.

Evaluering av utdanninga

Evaluering av utdanninga (ramboll.no) viser at deltakerne er svært godt nøgde med utdanninga og at fleire har teke i bruk kunnskap og metoder i eigen arbeidsdag.

Aktuelle tilskotsordningar

Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskudd skal bidra til at kommunane set i verk kompetansehevande tiltak og nybrotts- og utviklingsarbeid ut frå lokale vilkår og behov. 

Lønnstilskudd for utdanning i avansert klinisk sykepleie – lønstilskot til kommunar
Kommunar og private tilbydarar av kommunale helse- og omsorgstenester kan søkje tilskot til å vidareutdanne sjukepleiarar i avansert klinisk sjukepleie på masternivå.

Avansert klinisk allmensjukepleie

Hausten 2018 arbeidde Helsedirektoratet ut eit utkast til nasjonal studieplan for masterutdanning i avansert klinisk allmennsjukepleie. Arbeidet vart gjort i lag med universitet og høgskular, Universitets- og høgskolerådet, KS, kommunar og Norsk Sykepleierforbund.  Framlegget til studieplan vart lagt til grunn for arbeidet med ny forskrift om nasjonal retningsline for masterutdanning i avansert klinisk allmennsjukepleie frå Kunnskapsdepartementet. (lovdata.no). Forskrifta trer i kraft frå 1. februar 2020.

Utviklinga av denne masterutdanninga har kome etter initiativ frå  Helse- og omsorgsdepartementet og er retta mot behova i kommunale helse- og omsorgstenester. Ny forskrift frå Helse- og omsorgsdepartementet om spesialistgodkjenning av sjukepleiarar med masterutdanning i avansert klinisk allmennsjukepleie trer i kraft frå 1. februar 2020 (lovdata.no).

Helsedirektoratet laga i 2019 ein rapport som gir meir utdjupande informasjon om helsestyresmaktene sitt siktemål med utdanninga. Rapporten presenterer også framlegg til innhald og organisering av masterutdanninga i avansert klinisk allmennsjukepleie. Rapporten er førebels ikkje justert etter at dei dei to ovannemnde forskriftene vart vedtekne, men kan likevel ha innhald av interesse for fleire.  

Rapportar

Evaluering av Kompetanseløft 2020: Delrapport II

Rapporten er andre delrapport i følgjeevalueringa av regjeringa si satsing Kompetanseløft 2020. SINTEF, NIBR og NIFU samarbeider om evalueringa. Kompetanseløft 2020 representerer eit godt bidrag i arbeidet med rekruttering, kompetanseheving og styrka leiarkompetanse i kommunane. Alt i alt synast verkemidlar og tiltak i Kompetanseløft 2020 å vere tenlege for føremålet og representere eit godt, men ikkje tilstrekkeleg, bidrag for å oppnå ønska utvikling i tråd med intensjonane i dei seks strategiane i Kompetanseløft 2020. Det er særleg behov for sterkare verkemiddel som kan bidra til rekruttering, stabilitet og fagleg kvalitet i helse- og omsorgstenestene i små distriktskommunar.

Ei ny evaluering Rambøll gjorde i desember 2019 av nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta, viser at leiarar som har deltatt i utdanninga kjenner seg tryggare i leiarrolla. (PDF)

Årsrapport 2018: Kompetanse og personell i kommunale helse- og omsorgstenester (PDF)

I den kommunale helse- og omsorgstenesta som heilskap auka talet på årsverk med 6,2 prosent og talet på sysselsette med 4,7 prosent mellom 2016 og 2018. Talet på årsverk auka frå 2017 til 2018 med 2,8 prosent og talet sysselsette økte med 2,7 prosent. Frå 2008 til 2017 har det vore ei auke i talet på årsverk i den kommunale helse- og omsorgstenesta med 20,4 prosent til totalt 173 909 årsverk. 

Vi har fått fleire helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, fysioterapeutar, legar og andre viktige yrkesgrupper i kommunane, og helsepersonellet har stadig høgare kompetanse.

Samstundes er det stor etterspurnad og behov for personell, særleg sjukepleiarar. Ein aukande del av brukarar i heimebaserte omsorgstenester har behov for helsehjelp, mens færre enn før får berre tildelt praktisk hjelp frå kommunale tenester. Det kan tyde på at det er behov for fleire tilsette med høgare helse- og sosialfagleg kompetanse i dei kommunale helse- og omsorgstenestene framover.

Årsrapport 2017: Kompetanse og personell i kommunale helse- og omsorgstenester (PDF)

Årsrapport 2016: Kompetanse og personell i kommunale helse- og omsorgstenester (PDF)

Kompetanseplanlegging til nytte i kommunal planlegging - rapport frå Rambøll 2018 (PDF)

Rapporten skildrar korleis eit utval av kommunar arbeider for å sikre nok personell med rett kompetanse i helse- og omsorgstenesta nå og framover.

For meir statistikk for helse- og omsorgstenesta i kommunane, sjå
Samdata kommunene.

Først publisert: 02.05.2019 Sist faglig oppdatert: 26.03.2020