Masterutdanning i avansert klinisk allmensjukepleie

Hausten 2018 arbeidde Helsedirektoratet ut eit utkast til nasjonal studieplan for masterutdanning i avansert klinisk allmennsjukepleie. Arbeidet vart gjort i lag med universitet og høgskular, Universitets- og høgskolerådet, KS, kommunar og Norsk Sykepleierforbund. Framlegget til studieplan vart lagt til grunn for arbeidet med ny forskrift om nasjonal retningsline for masterutdanning i avansert klinisk allmennsjukepleie frå Kunnskapsdepartementet. (lovdata.no). Forskrifta vart sett i kraft frå 1. februar 2020.

Utviklinga av denne masterutdanninga har kome etter initiativ frå Helse- og omsorgsdepartementet og er retta mot behova i kommunale helse- og omsorgstenester. Ny forskrift frå Helse- og omsorgsdepartementet om spesialistgodkjenning av sjukepleiarar med masterutdanning i avansert klinisk allmennsjukepleie vart sett i kraft frå 1. februar 2020 (lovdata.no).

Helsedirektoratet ga ut i 2019 ein rapport som gir meir utdjupande informasjon om helsestyresmaktene sitt siktemål med utdanninga. Rapporten presenterer også framlegg til innhald og organisering av masterutdanninga i avansert klinisk allmennsjukepleie. Rapporten er ikkje justert etter at dei dei to overnemnde forskriftene vart vedtekne, men kan likevel ha innhald av interesse for fleire.

 

Først publisert: 29.10.2020