Små endringar i bruk av tvang

Frå 2016 til 2017 var det ein liten nedgang i tvangsinnleggingar i psykisk helsevern. Tala viser samstundes at det er små endringar over tid.

Omfanget av tvangsinnleggingar i 2017 er om lag på same nivå som i 2013. Kontrollkommisjonane handsama fleire klagar i 2017 enn i 2016.

Dette går fram av to nye rapportar frå Helsedirektoratet:

- Vi ser ein tendens til at tida pasientane er under tvungent psykisk helsevern vert korta ned. Færre vert og overført til tvang utan døgnopphald, og tal frå kontrollkommisjonane sine kontrollar av tvungent psykisk helsevern etter tre månader og eitt år viser nedgang i talet på pasientar som har vore lenge under tvangsvern, seier avdelingsdirektør Torunn Janbu i Helsedirektoratet.

- I tillegg vart færre pasientar behandla med legemiddel utan sjølv å ha samtykt. – Dette er ei positiv utvikling, seier Janbu.

For bruk av tvangsmiddel viser tala ei dreiing mot auka bruk av kortvarig fasthalding og isolasjon, medan færre pasientar vart behandla med mekaniske tvangsmiddel og korttidsverkande legemiddel i 2017 enn i 2016 .

Handsama fleire klager

For 2017 rapporterte kontrollkommisjonane at dei hadde gjennomgått og kontrollert 3 600 vedtak om etablering av tvungent psykisk helsevern. Same år vart det meldt inn over 2 000 klagar på tvungent vern. Dette er nokon færre enn året før, men ein mindre del av klagane vart trekte før handsaminga. Kontrollkommisjonane handsama difor likevel fleire klagar i 2017 enn i 2016. Av dei 1 400 klagane kontrollkommisjonane handsama i 2017, fekk klagaren medhald i 13 prosent av sakene. Mengda klagar som får medhald er svakt aukande.

Lovendring hausten 2017 – vurdering av samtykkekompetanse

Hausten 2017 skjedde det viktige endringar i loven om psykisk helsevern. Endringane skal bidra til auka sjølvbestemming og rettstryggleik for pasientane . Pasientar som har samtykkekompetanse kan, etter lovendringa, nekte å ta imot tilbod frå det psykiske helsevernet. Pasientar som etter ei tid i behandling har vunne att samtykkekompetansen sin kan òg velje å avslutte behandlinga. Reduksjonen i tvangsinnleggingar frå 2016 til 2017 kan henge saman med lovendringa, men nedgangen ser ikkje ut til fortsette.

Følgjer utviklinga nøye

Førebelse tal for første del av 2018 viser at mengda tvangsinnleggingar igjen ser ut til å auke. Det er førebels uklart kva som ligg bak denne auken og om det òg gjeld andre former for tvang. Helsedirektoratet følgjer med på utviklinga.

Først publisert: 20.02.2019 Sist endret: 20.02.2019