Vekst i årsverk for legar sidan 2013 – særleg i spesialisthelsetenesta

Den nye rapporten frå Helsedirektoratet om legar i kommunane og spesialisthelsetenesta syner at det har vore ein tydeleg vekst i årsverk for legar sidan 2013, og at veksten har vore klart størst i spesialisthelsetenesta.

Helsedirektoratet skriv årleg ein rapport om utviklinga i stillingar og årsverk for legar, på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet. Føremålet med desse rapportane er å fylgje med på utviklinga i legestillingar i kommunane og spesialisthelsetenesta etter at den nasjonale reguleringa av legestillingar vart avvikla i 2013.

I rapporten frå i år gjer direktoratet òg ein heilskapleg oppsummering av utviklinga sidan avviklinga av nasjonal regulering. Dei regionale helseføretaka (RHF), KS og Den norske legeforening har medverka med innspel om utviklinga sett frå deira perspektiv. RHF-ane og helseføretaka er positive til den fleksibiliteten som avviklinga har ført til.

Veksten i årsverk for legar i spesialisthelsetenesta har vore på omkring 23 prosent i perioden, mot omtrent 15 prosent i kommunane. Av totalt 3 845 nye årsverk i kommunane og i spesialisthelsetenesta, har over 3 000 årsverk, eller omtrent 80 prosent av dei nye årsverka, komme i spesialisthelsetenesta. Det har vore vekst i nær alle helseføretaka og i dei fleste kommunekategoriar, men storleiken på veksten varierer. For kommunane har det vorte vanskelegare å rekruttere ålmennlegar dei siste par åra, og det er utviklingstrekk i fastlegeordninga som gjev grunn til uro.

I rapporten skildrar vi òg tilføringa av nye legar, irekna medisinstudentar, nye legeautorisasjonar, legar i spesialisering del 1 (LiS1), nye godkjende spesialistar og framskriven tilgang på og etterspurnad etter legar. Vi presenterer vidare status for legar i spesialisering (LiS) og overlegar i helseføretaka og avtalespesialistar i helseregionane, og vi diskuterer kva spesialitetar som har behov for strategisk merksemd.

Sjå heile rapporten om årsverk for legar 2019

Først publisert: 17.12.2019 Sist faglig oppdatert: 17.12.2019