Artikkelen er 331 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.
– Det er kommunane som har ansvar for å sikre kvalitativt gode og likeverdige helsetenester ved legevaktene. Vi håpar denne rettleiaren vil vere til hjelp for kommunane og bidra til at pasientane får likeverdige legevakttenester same kva for ei legevakt dei er innom, seier avdelingsdirektør for akuttmedisin og beredskap, Steinar Olsen.
Konkrete råd og lokale tilpasningar
Nasjonal rettleiar for leiing, organisering og drift av legevakt og legevaktsentral i kommunane gir praktiske tilrådingar til korleis kommunane skal følgje krava som er satt i gjeldande lov og forskrifter for legevakt og legevaktsentralar, samt korleis dei kan tilpasse seg dei lokale forutsetningane for legevaktene.
Vil også etablere ressursgruppe
Helsedirektoratet takkar fagmiljøet for grundige og gode innspel til arbeidet med rettleiaren.
– Medan dette er første rettleiar for legevakttenesta i Noreg, ynskjer vi å etablere ei ressursgruppe som kan bidra til forbetring av rettleiaren og til at den skal vere eit nyttig verktøy for brukarane framover.
Presentert på Legevaktleiarkonferansen
Rettleiaren – som er laga på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet – er ei oppfølging av tilråding i NOU2015:17 Først og fremst og blir presentert på Legevaktleiarkonferansen 4. og 5. mars 2020.