Evaluering av tilskotsordning for brukar- og pårørandearbeid innan rus- og psykisk helsefeltet

Evalueringa viser at tilskotsordninga gjev viktige bidrag til å styrke drifta til aktørane på feltet, samstundes som den stør opp under viktige aktivitetar på individ-, teneste- og systemnivå.

På vegner av Helsedirektoratet har Oxford Research evaluert tilskotsordninga for brukar- og pårørandearbeid innan rus- og psykisk helsefeltet.  

Bakgrunnen for å gjere evalueringa var å slå fast resultat frå prosjekta som hadde fått tilskot, og evaluere om ordninga i heilskap nådde måla som var sett for den. Vidare skulle evalueringa sjå på kriterium for å oppnå måla, krava til rapportering i ordninga, føreslå fleire  kriterium som kan føre til at måla blir oppnådd.

Dei viktigaste funna frå evaluering er at tilskotsordninga gjev viktige bidrag til å styrke drifta til aktørane på feltet, samstundes som den stør opp under viktige aktivitetar på individ-, teneste- og systemnivå. Evalueringa kan likevel ikkje estimere omfanget av aktivitetane. I mange høve er det ikkje tilstrekkeleg dokumentert om måla er oppnådd.

Evalueringa konkluderer vidare med at forvaltninga og innrettinga til ordninga er føremålstenleg . Regelverket for ordninga er  likevel omfattande og uoversynleg, og det kan vere behov for meir tydelege kriterium for forvaltninga av søknadshandsaming, oppfølging og rapportering.

Tilskotsavdelinga i Helsedirektoratet skal bruke resultata frå rapporten til å utvikle forvaltinga av denne ordninga.

Vi skal vidareutvikle skjemaa vi nyttar så dei vert enklare for verksemdene som skal nytte dei. Vi skal lage betre kriterium for korleis dei oppnår måla og hente den informasjonen vi treng for å vurdere om dei oppnår måla med ordninga. Vi vil også følgje opp tilskotsmottakarane tettare, slik at dei enklare kan innfri minstekrava for rapportering.

Les heile evalueringsrapporten

Først publisert: 18.12.2019 Sist faglig oppdatert: 18.12.2019