Evaluering av opptrappingsplan for rusfeltet

Talet på årsverk innan rusarbeidet i kommunane auka med 500 nye årsverk i 2018 som følgje av opptrappingsplanen for rusfeltet. - Dette har mellom anna gitt auka kapasitet i oppfølgingstilbodet til brukarane, noko som er særs gledeleg, seier avdelingsdirektør Mette Garvoll i Helsedirektoratet.

No legg vi fram tredje statusrapport for evaluering av opptrappingsplanen for rusfeltet. Forskarane bak rapporten seier det er for tidleg å trekke eintydige konklusjonar på i kva grad måla for opptrappingsplanen vil bli nådd. Det er framleis stor kommunal ulikskap i innsatsen på rusfeltet. For nokre kommunar er det framleis behov for oppbygging av tilbod og utvikling av nye tenester, for andre er det kanskje meir eit spørsmål om innretting av tenestene, koordinering av tilbod og samanheng i tenestetilbodet. Samtidig viser rapporten at mykje går i rett retning.

-              Vi ser teikn på ei positiv utvikling i talet på kommunar som rapporterer at dei har etablerte system for å fange opp personar med rusproblem med behov for hjelp på eit tidleg tidspunkt, seier Garvoll.

-              Vi ser òg ein monaleg auke i talet på kommunar som har etablert  augeblikkelig hjelp døgntilbod  for pasientar med psykisk helse- og eller rusmiddelproblem.

Også når det gjeld å tilby eit aktivt og meiningsfylt tilvære, er det ei auke i talet på kommunar som seier dei har etablert samarbeid mellom kommunen og NAV. Det er også ein auke i talet på kommunar som melder at dei har etablert individuell jobbstøtte for personar som tidlegare har slite med rusmiddelproblem og psykisk liding.

Mange kommunar slit likevel med å tilby eit godt bo- og tenestetilbod til personar med samtidig rusmisbruk og psykisk liding. Fleire kommunar melder også om at dei strevar med å finne gode samarbeidsformer med spesialisthelsetenesta.

-              Her ventar vi ei positiv utvikling når pakkeforløpa for psykisk helse og rus har fått verke i praksis, seier Mette Garvoll.

I likskap med dei to tidlegare statusrapportane, viser også denne at det er mykje aktivitet og utviklingsarbeid i kommunane. Det er stor merksemd om enkelte av dei prioriterte områda i opptrappingsplanen. Dette gjeld særleg målet om meir brukarretta tenester, men også kor tilgjengelege tenestene er og det å kunne tilby meir arena-fleksible og oppsøkande tenester.

Les rapporten her

Først publisert: 04.12.2019 Sist faglig oppdatert: 04.12.2019