Evaluering av forsøk med primærhelseteam

No føreligg den andre statusrapporten frå pilotprosjektet med primærhelseteam i fastlegepraksisar.

Pilotprosjektet med primærhelseteam i fastlegepraksisar (PHT) vert gjennomført i 13 fastlegepraksisar i 9 kommunar. Arbeidet er no godt i gang på alle legekontora i pilotprosjektet, sjølv om starten har tatt tid for somme. – Framleis er det nok mykje som står att, men vi ser fleire døme på at utviklinga går i rett retning, seier avdelingsdirektør Kristin Mehre.

På oppdrag frå Helsedirektoratet evaluerer forskarar frå UiO, Oslo Economics og Nasjonalt senter for distriktsmedisin (UiT) pilotprosjektet, og nå føreligg statusrapport II som viser dei førebelse resultata fram til og med juni i år.  Undersøkingane viser at PHT på mange måtar framleis er under oppbygging, og det er store variasjonar i former for leiing på legekontora.

Evalueringa viser at det tar tid for legane og sjukepleiarane som jobbar i PHT å finne arbeidsoppgåvene sine. Det same gjeld til ei viss grad for helsesekretærane.

-             Så skal vi hugse at det er naturleg at det tar tid å etablere nye arbeidsformer. I dei fleste legesentera er sjukepleiarar ei nye faggruppe og fastlegane har vore vane med å ha hand om det meste av oppfølging av pasientane  sjølv. Legar, sjukepleiarar og helsesekretærar må lære å kjenne og respektere kompetansen til einannan for at dei skal arbeide godt saman, seier Mehre.

– Innsatsen til sjukepleiarane kjem både i tillegg til og i staden for det arbeidet fastlegen gjer, seier Mehre.

PHT-sjukepleiaren gjev først og fremst legekontoret meir ressursar å spela på i den kliniske oppfølginga. Rolla til sjukepleiarane i PHT- teamet inneber, ifølgje samstemde informantar, meir struktur og systematikk i oppfølginga, spesielt oppfølginga av pasientar med kronisk sjukdom. Alle pasientgruppene i målgruppa er nå inkludert i PHT. Ved utgangen av juni 2019 hadde om lag 7 prosent av listeinnbyggarane mottatt helsehjelp frå PHT. Om lag halvdelen av fastlegane og sjukepleiarane opplever at deira yrkesgruppe i nokon grad arbeider proaktivt.

Spørjeundersøkinga viste at fleirtalet av sjukepleiarar og helsesekretærar er samde eller særs samde i at PHT bidreg til å frigjere tid for fastlegen. 41 % av fastlegane var samde i denne påstanden.

Utrekning av inntening på legekontor med driftstilskuddsmodellen i ein tidlig fase av forsøket viser at alle dei fem legekontorene auka innteninga per listeinnbyggar. Ingen av dei åtte legekontora som prøver ut honorarmodellen, har så langt i forsøket nådd opp i 50 prosent inntening av takstar frå sjukepleiartakstar som føresett. Lav inntening blir forklart i hovudsak med at sjukepleiartakstane er for få og for låge. Honorarmodellen er frå 1. juli 2019 justert med fleire og høgare sjukepleiartakstar. Den vidare utprøvinga vil vise om dette gjer at sjukepleiarane når opp i takstinntening som føresett.

- Pilotprosjektet vil verte vidareført til 2023 og statusrapporten neste år vil legge data på pasientnivå til grunn for evalueringa, seier avdelingsdirektør Kristin Mehre.

Les heile rapporten om promærhelseteam i fastlegepraksisar 

Først publisert: 05.12.2019 Sist faglig oppdatert: 05.12.2019