Forebygging og behandling av overvekt/fedme i helsetjenesten
Rapporten Forebygging og behandling av overvekt/fedme i helsetjenesten inneheld oppdatert kunnskap om utvikling og førekomst av overvekt/fedme i befolkninga. I tillegg gir den ei oppsummering av forskingsbasert kunnskap om effekten av ulike vektreduserande og vektstabiliserande tiltak til born, ungdom og vaksne.
Forsidebilde
Ynskjer fleire prøveprosjekt, faglege retningslinjer og kompetanseheving av helsepersonell.
Sosial- og helsedirektoratet ynskjer at det skal gjennomførast fleire prøveprosjekt for å få erfaringar med kva som er mest effektivt i behandling og førebygging av overvekt. Dei meiner likevel at ein har nok kunnskap til at det bør utarbeidast konkrete faglege retningslinjer for førebygging og behandling i helsetenesten. For at retningslinjene skal kunne nyttast i praksis er det også behov for kompetanseheving av helsepersonell.
Arbeidsgruppa sine forslag til tiltak bygger på kunnskapsgrunnlaget som er gjennomgått og tidligare utredningar.
Arbeidsgruppa sine forslag til tiltak er:
Setje i gang prøveprosjekt for behandling av born og vaksne med overvekt/fedme i primærhelsetenesten og i spesialisthelsetenesten.
Utarbeide nasjonale retningslinjer for førebygging, utredning, diagnostikk og behandling av overvekt/fedme hjå born og vaksne, inklusive retningslinjer for bruk av medikament og kirurgi i behandling av overvekt/fedme.
Kompetanseheving av helsepersonell.
Vurdere innføring av fleire rutinemessige målingar av høgde og vekt på helsestasjonen og i skulehelsetenesta.
Kartlegge behovet, setje mål og auke talet på stillingar for relevante yrkesgrupper.
Styrke tilbodet om operasjonar til pasientar med fedme grad III og fedme grad II med alvorlege følgjesjukdomar.
Etablere refusjonsordningar for behandling av pasientar med overvekt/fedme.
Vurdere behovet for å etablere eit nasjonalt kompetansesenter.
Auka satsing på forsking og kunnskapsoppsummeringar.
Arbeidsgruppa anbefaler at konkrete forslag til faglege retningslinjer for når overvekt/fedme aktivt bør førebyggast eller behandlast i helsetenesten bør utredast nærare